Skip to main content

Bipolar lidelse

[gdlr_box_icon icon=»none» title=»Naturlig helbredelse»]I denne spalta får ulike terapeuter ordet for å fortelle om resultater fra deres praksis. Denne gangen slipper vi til psykiater Marit Rakstang ved Fjordklinikken i Tingvoll på Nordmøre.[/gdlr_box_icon]

Maren på 62 år hadde vore sjuk sidan ungdomstida og fått diagnosen bipolar lidelse da ho var innlagt i 20-årsalderen. Behandlinga vart å ta antidepressiva og stemningsstabiliserande medisin. Ho var i periodar velfungerande og hadde jobb, var kreativ og flink. Så vart det for mykje, ho sov lite og vart tolka som manisk. Etter det kom alltid ein periode med «depresjon» – greidde berre å ligge til sengs. Slik gikk det i årevis. Ho prøvde ut medisin og skifta behandlarar. Da Maren kom til meg, hadde ho eigentleg gjeve opp og orka ikkje meir terapi og behandling som ikkje virka.

Det første som slo meg, var at ho var veldig sliten. Ho lytta ikkje til kroppen, prøvde berre å kjempe mot «sjukdommen» og ikkje gi seg over. Tilstanden var veldig prega av utmatting og hjelpelausheit.

Strakstiltak besto i å redu-sere stress, finne balanse og få overskot. Ho fekk klar beskjed om å kvile når ho var sliten og på tur ned. Det er viktig å lytte til kroppen og ikkje presse. Maren la inn pausar i gode periodar og fekk meir overskot og mindre stemningssvingingar.

Utredning

Maren streva med fordøyelse, åt ujamt og tok lite hensyn til kroppen sin. Mangeårig sjukdom og stress, mykje medisin og dårleg kost hadde gitt dårleg tarmfunksjon.

LES OGSÅ  Sammenheng mellom bipolar lidelse og diabetes type 2

I ei analyse av opioide peptidar (avhengigheitsskapande proteinrestar) i urinen hadde ho store utslag på kasomorfin og vart anbefalt å kutte ut mjølk totalt. Peptidar med opioid effekt passerer tarmvegg som har redusert barrierefunksjon, og dei fungerer som morfin i kroppen. Både autisme, AD/HD, stemningslidelsar og schizofreni kan vere forårsaka av opioide peptidar.

Lekk tarm er ein folkesjukdom i vår tid – forårsaka av stress, antibiotika, andre medikament, dårleg kost, spesielt sukker og kvitt mjøl/kveitemjøl og industrialisert mjølk (= homogenisert og pasteurisert). Ein ubalanse i bakteriane i tarmen vår kan vera alvorleg. Difor er det viktig ved dei fleste sjukdommane å behandle ubalanse mellom «snille» og «slemme» tarmbakteriar, ikkje minst ved psykiske plager. Probiotika («skit» i kapsel eller pulverform) er den forma for «psykofarmaka» eg bruker mest.

Eg sende prøve til USA for å måle parametrar som er dokumentert å ha samanheng med psykisk lidelse. Ho hadde veldig høg verdi av kryptopyrrolar. Desse molekyla blir skilt ut, men tek med seg sink og vitamin B6, som er uløyseleg bunde til dei. Dermed blir kroppen tappa for desse viktige stoffa, og sjukdom oppstår. Begge desse stoffa har mange og viktige funksjonar i kroppen, og stor mangel fører til sterke symptom. Dei psykiske plagene kan vere både i autismespektret, psykose og stemningslidelsar. Lekk tarm, intoleransar og for lite omega-6-feittsyrer er ein del av biletet, i tillegg til infeksjonstendens og redusert smakssans.

Feittsyretest av Maren vart teke tidleg og viste låg andel av omega-6-feittsyrer samanlikna med omega-3-fettsyrer. Hos dei fleste er dette omvendt, så ein må vere merksam på dette hos dei med høge kryptopyrrolverdiar. I tillegg tok vi serumprøvar av blant anna D-vitamin, stoffskifte, vitamin B12, folinsyre og blodsukker. Det er viktig å stabilisere blodsukkeret. Blodsukkerubalansar er viktigaste grunnen til psykiatrisk sjukdom.

Behandling

Behandling besto i diett  utan mjølk. Maren fann ut at ho heller ikkje tålte gluten og kutta ut det også. Ho la vekt på blodsukkerbalanse og var flink til å følgje opp kosthaldet.

Probiotika, bitterstoff, saltsyre og enzym var viktig i starten – etter kvart i periodar ved behov. Maren fekk sink og vitamin B6 (både B6 og P5P) i relativt store doser. Ho tok nattlysolje/GLA, C-vitamin, mangan og magnesium. Vi passa på D-vitamin-nivået, og ho tok tilskot om vinteren, i tillegg til eit multivitaminpreparat i botnen og B-vitaminkompleks. I periodar har ho prøvd GABA, kolin og inositol for å roe ned og sove. Ho har også brukt store doser med niacin (vitamin B3).

Maren har gjort endringar i livet sitt, vorte sterkare og teke viktige val. No lever ho eit godt liv med lite svingingar. Kroppen melder tydeleg og raskt når ho pressar kapasiteten sin, og ho er flink til å kvile eller gjere ting som gjer henne godt. Sakte, men sikkert, har ho fått tilbake livet. Kraftig migrene gjennom mange år forsvann. Maren er framleis innom meg av og til for å korrigere ubalansar og for å få litt påminning når ho driv seg for hardt.

Biokjemisk balanse og balanse mellom energi og aktivitet er viktig, og kosthald og fordøyelse er grunnmuren som vi byggjer helsa vår på. Heilheitleg tankegang, unngå oppheng i diagnosar, finne årsak og behandle naturleg, er ein god resept.


Denne artikkelen handler om…



Kanskje du også vil lese…? 


Del gjerne med dine venner