Støtt Helsemagasinet med en donasjon

Helsemagasinet utgis av Stiftelsen vitenskap og fornuft. Du kan bidra til at flere får tilgang til faglig baserte kunnskaper om hvordan du kan bedre din egen helse og folkehelsa generelt, og samfunnet bedre kan ivareta enkeltindividers behov for velferd, frihet, sikkerhet og identitet.
Stiftelsen trenger økonomisk støtte for på en best mulig måte kunne utføre slike oppgaver. Vi er takknemlige for ethvert bidrag eller donasjon uansett størrelse.

Stiftelsen vitenskap og fornuft
Bjerkelundsveien 8 B
1358 Jar

kr.
Personlig informasjon

Kredittkortinformasjon
Dette er en sikker SSL-kryptert betaling.

Totalt bidrag: kr. 20 One Time

Forside > Arkiv > 2015 > Civita-rapporten om alternativ behandling: Ideologi eller realpolitikk?

Civita-rapporten om alternativ behandling: Ideologi eller realpolitikk?

Ideologi kan ein bruka til mykje anna, men mindre når det gjeld politikk om kanskje det viktigaste i livet: helse eller fråvær av helse.

Tekst John Petter Lindeland     Foto Shutterstock

Den liberale tankesmia Civita1 har som mandat ”å arbeide for økt kunnskap og oppslutning om liberale verdier og løsninger.” Sentralt i denne bodskapen er blant anna å vurdera grensene for når samfunnet eller staten skal gå inn med regulerande tiltak. Det er difor ikkje overraskande at forfattaren av rapporten, Paul Joakim Sandøy, og tidlegare leiar av Unge høgre, er oppteken av i kva felt/samfunnsområde han ynskjer å plassera naturmedisin og alternativ behandling. Når denne plasseringa er gjort, blir ideologien føraren for kva realpolitikk ein tenkjer å initiera. Han skriv blant anna: ”Religionen trer altså på visse områder inn i markedet, og alternativ behandling kan sies å inneholde litt av begge elementer.” Vidare: ”Religions- og meningsfriheten tilsier forsiktighet med forbud og reguleringer av alternativ behandling.” Ei slik tilnærming er i seg sjølv uproblematisk, men faren er at dei ideologiske brillene kan svekka gangsynet for ei praktisk og pragmatisk tilnærming til sektoren ut ifrå realpolitiske vurderingar.

Status

Om ein skulle ta utgangspunkt i dagens status for denne medisinske tradisjonen, er situasjonen omtrent slik:

Annonse:

A. Om lag 1 million av den norske befolkninga brukar ein eller annan form for naturmedisin eller alternativ behandling jamleg. Dette talet har halde seg rimeleg stabilt dei siste ti åra med ein liten nedgang i 2014.2

B. Dei aller fleste som er innafor dette brukaromfanget, har ei pragmatisk haldning til denne medisinske tradisjonen ved at dei også nyttar etablert medisin samstundes eller vekselvis. Dei fleste er også pragmatiske i den forstand at dei gjer bruk av den behandlingsmetoden som gjev mest nytte der og då. Tendensen i helsevesenet er at den blir meir og meir brukarstyrt, ved at ein har å gjera med informerte pasientar som i større grad ynskjer å vera med på å ta avgjer når det gjeld deira eiga helse.

C. Sekkenemninga ”alternativ behandling” famnar ein stor variasjon når det gjeld utdanningsomfang – alt frå nokre helgekurs til fleire års utdanning. I forhold til Registeret for alternative behandlarar i Brønnøysund, blir alle tildelt den same fordelen (mva–fritak på tenesta og tittelen reg. terapeut), uavhengig av utdanningsomfang.

Denne enkle statusrapporten fortel at denne medisinske tradisjonen ser ut til å ha etablert seg som eit viktig supplement til det etablerte helsevesenet, og er etter alt å døma komen for å bli. Ein kan lika dette eller ikkje. Ein kan også velja å gruppera denne tradisjonen i same eller liknande segment som religion, og dermed la det leva sitt eige liv utan nemneverdig innblanding frå samfunnet. Eller – som eg sjølv og NNH er tilhengjar av – finna reguleringsmåtar som kan skapa gode rammevilkår til beste for befolkninga. Vi har i vår handlingsplan3 uttrykt ein visjon om at alle innbyggjarar, uavhengig av geografi og økonomi, skal kunna få eit trygt naturmedisinsk tilbod. Det er å ta folk flest på alvor. Ideologi kan ein bruka til mykje anna, men mindre når det gjeld politikk om kanskje det viktigaste i livet: helse eller fråvær av helse.

Forslag i rapporten

Sandøy kjem med ein del forslag til endringar i forhold til nåverande praksis, blant anna reglar for bruk av alternativ behandling om ein er lege, fjerning av mva-fritak for alternativ behandling og endre eller leggje ned NAFKAM/NIFAB.4,5

Alternativ behandling og legar. Om ein skulle utarbeida forskriftsmessige avgrensingar for legar i å nytta behandlingsmetodar som i dag er definert som alternativ behandling, vil dette vera utfordrande reint juridisk og skapa eit unødig byråkrati. Draumen om ein rein evidensbasert praksis er umogleg, noko alle legar veit. Individuell erfaringsbasert klinisk kunnskap bør ikkje undervurderast, sjølv om den har lågare grad av dokumentert evidens. Hovudregelen bør vera at bruk av ulike terapeutiske metodar må knytast opp til kompetanse. I fleire land i Europa må legar ta speisalutdanning i naturmedisinske fag for at slik behandling skal koma inn under refusjonsordningar.6

Fjerning av mva-fritak. Om ein meiner noko om utjamning innan eit slikt viktig område som helse, er forslaget om å leggja mva på alternativmedisinske tenester eit steg i gal retning – og usosialt. Samfunnet må heller bruka mva som eit styringsverktøy når det gjeld profesjonalisering av sektoren. Dette kan dei enkelt gjera ved å knyta offentleg fagkrav til Registeret for utøvarar av alternativ behandling – ikkje som legitimeringsbillett, men som eit incitament for å styrkja pasienttryggleiken. Dei som ikkje tilfredstillar denne ”samfunnskontrakta”, får mva.

NAFKAM/NIFAB. Det ville vera eit stort kompetansetap å skulle leggja ned denne institusjonen. Sandøy har etter vår meining tolka mandatet deira rimeleg snevert, i og med at han ikkje tek med forbrukarperspektivet, men einsidig fokuserer på effektstudium som relevans for integrering i helsevesenet.

Vitskapssyn og politikk

Sandøy målber at staten burde ”bekjenne seg til et evidensbasert vitenskapssyn”. Forslaga hans har dette som utgangspunkt. Dette kan høyrast tilforlateleg ut, om ein meiner at medisinsk vitskap er verdinøytral – eller for den saks skuld at Staten er verdinøytral. Røyndomen og historia viser noko anna.7,8 Det biokjemiske hegemoniet i medisinsk vitskap har utan tvil skapt framgang på mange område, men har samstundes svekka fokuset på andre terapeutiske tilnærmingar – spesielt overfor samansette kroniske lidingar. Det har spesielt ramma terapiformer som har ei meir individuell tilpassa tilnærming, og ført dei ut i det vitskaplege mørke holet som unyansert er blitt kalla ”placebo”. Dette rammar også terapiformer som i dag er autorisert.

Sandøy og Civita skal ha kredit for at dei viser interesse for denne behandlingstradisjonen. Dokumentet har mange interessante drøftingar som er vel verdt å ta med seg i ei evaluering, noko NNH meiner tida er mogen for.


Om artikkelforfattaren

John Petter Lindeland (f. 1955) er leiar av Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH). E-post leiar@nnh.no.

Kjelder:

1.  http://www.civita.no

2.  NAFKAM-undersøkelsen 2014. http://nifab.no/hva_er_alternativ_behandling/tall_og_fakta/nafkam_undersoekelsen_2014

3.  Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon. Kommunikasjonsstrategi og handlingsplan 2010–2016. http://www.nnh.no/vedlegg/564.pdf

4.  http://uit.no/om/enhet/forsiden?p_dimension_id=88112

5.  http://www.nifab.no/

6.  CAMDOC Alliance. The regulatory status of complementary and alternative medicine for medical doctors in Europe. 2010. http://www.camdoc.eu/Pdf/CAMDOCRegulatoryStatus8_10.pdf

7.  Lønning I, Matlary JH, Terzic F mfl. Gud er tilbake! Oslo: Frekk Forlag, 2014.

8.  Matlary JH. ”Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv”. Minervanett.no 11.2.2013.

«Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv»

You may also like
Frankrike forbyr mobiltelefoner på skolen
Trådløse nettverk? Ikke i skoler og barne- hager på Kypros
Når virkeligheten overgår våre villeste fantasier
Epikrise fra en uavklart borreliosepasient

Legg igjen et svar