Støtt Helsemagasinet med en donasjon

Helsemagasinet utgis av Stiftelsen vitenskap og fornuft. Du kan bidra til at flere får tilgang til faglig baserte kunnskaper om hvordan du kan bedre din egen helse og folkehelsa generelt, og samfunnet bedre kan ivareta enkeltindividers behov for velferd, frihet, sikkerhet og identitet.
Stiftelsen trenger økonomisk støtte for på en best mulig måte kunne utføre slike oppgaver. Vi er takknemlige for ethvert bidrag eller donasjon uansett størrelse.

Stiftelsen vitenskap og fornuft
Bjerkelundsveien 8 B
1358 Jar

kr.
Personlig informasjon

Kredittkortinformasjon
Dette er en sikker SSL-kryptert betaling.

Totalt bidrag: kr. 20 One Time

Forside > Arkiv > 2013 > Flittig ”bie” frå Voss med eit unikt velværekonsept

Flittig ”bie” frå Voss med eit unikt velværekonsept

Etter eit besøk på Vethe gard betyr bier og blomster mykje meir enn det vi lærte som born. Det handlar om naturverd, kjærleik til kulturlandskapet, omsorg for andre og god helse med naturens eigne råstoff.  

Tekst Johnny Laupsa-Borge     Foto Johnny Laupsa-Borge og Helge Hansen

Noreg og naturen treng birøktarar! proklamerer Renate Lunde (39). På Voss har ho og hennar familie skapt det gode livet på Vethe, ein gard som ligg på eit lite platå høgt oppe i bygda Bulken omlag ti minuttars køyring frå Voss sentrum. – Her lever vi i eit frodig kulturlandskap ramma inn av vakre fjell. Og rundt oss summar biene mellom ville blomar i naturenga. Då er det ikkje rart at vi hentar inspirasjon og kreativitet frå naturen, seier Renate, historikaren som blei birøktar og gründer av firmaet Vossabia og ein etterspurt hudpleieserie.

Omsorg for natur og menneske

– Vi driv med birøkt fordi vi bryr oss om eiga helse, andre menneske, naturen og jordkloden, seier ho med overtydande klang i stemma. Eg trur ho. Vi sit i stova i hovudhuset, og i andre enden av rommet har hennar to born fått servert ein ”smuti” med ferskpressa, økologiske frukter og bær og sunne feittstoff – og litt honning frå eigne biekubar. I tillegg til tradisjonell birøkt med honningproduksjon har Renate utvikla ein serie hudpleieprodukt basert på lokalprodusert honning, bivoks, urter og andre naturlege ingrediensar. I tillegg driv ho med matprodukt, økoturisme og kurs.

Annonse:

– Her på garden legg vi all vår sjel i å visa omsorg for gjestene, miljøet og lokalsamfunnet vi er ein del av. Sentralt i dette står formidling av historier og verdiar knyta til naturen lokalt, garden, husa i tunet, kunsten på veggene, kulturlandskapet rundt, biene som summar i enga, og alle dei naturlege råvarene som blir produsert i eng og kubar, fortel ho engasjert med artikulerande armar, som ei bie i flukt.

At historieformidling ligg hennar hjarte nært er ikkje det minste merkverdig, for Renate er i utgangspunktet akademikar frå Universitetet i Bergen med historie som hovudfag. I tillegg til Vossabia jobbar ho med ein doktorgrad om fattigdomshistorie der levevilkåra til kvinner og born i Kairo (Egypt) på 1900-talet står i fokus. Vi har utan tvil møtt ei uvanleg driftig og mangfaldig kvinne med eit breitt engasjement for natur, kultur og menneske, og gjennom produkta og aktivitetane på garden vil ho synleggjera korleis vi best kan ta vare på natur og helse.

– Vi tilbyr eit velværekonsept som kombinerer birøkt, helse- og miljøfokus i tillegg til natur- og kulturopplevingar og komfortabel overnatting i historiske hus på garden, seier ho. Renate har måtta ta permisjon frå doktorgradsstudiet for å kunna utvikla Vossabia vidare. Salet og aktiviteten i firmaet peikar stadig oppover og krev meir av ho.

– Eg ønskjer no å yta hundre prosent i verksemda for å skapa eit solid grunnlag for vidare drift, og fordi eg gjennom dette arbeidet får sagt og gjort noko som betyr mykje for så mange, seier ho, og fortel om fleire hendingar i livet som har vore med og bestemt kursen.


Renate Lunde

Renate Lunde (39) er utdanna ved Universitetet i Bergen og har historie, samanliknande politikk og Midtausten- og Nordafrikakunnskap i fagkretsen. Etter kvart tok ho historie hovudfag (no mastergrad) med fokus på jenter og utdanning i Nord-Sudan rundt 1880–1950.

I 2005 begynte ho som doktorgradsstipendiat i historie, der ho forskar på fattigdom, velferd og medisinhistorie i Egypt, med spesielt fokus på kvinner og barn i perioden 1890–1950. Ho ser også på forhold blant svært fattige i Kairo i dag. For tida har ho permisjon frå doktorgradsarbeidet for å via seg fullt ut til Vossabia.

Renate har gått på mange birøktarkurs. Mellom anna gjennomførte ho i 2003–04 den første yrkesretta birøktarutdanninga som har vore i Noreg. Verkstadkurs for kvinner i birøktarmiljøet inspirerte ho til å utvida verksemda frå berre honningproduksjon til å satsa på fleire andre nisjeprodukt, slik som hennar hudpleieserie.

I tillegg har ho delteke på ulike urtekurs i Noreg og Sverige, inkludert eit kurs på Rosendals trädgård i Stockholm om bruk av ville vekstar og urter i hudpleie og velværeprodukt. Ho har også vore på fleire økoturismekurs i regi av den svenske økoturismeforeninga i samarbeid med Nærøyfjorden verdsarvpark.

Renate var aktiv idrettsutøvar i ungdomen og dreiv med konkurransesymjing på høgt nivå frå ho var 8 til 20 år. Våren 2013 deltok ho i master-NM og fekk der ein 4. plass. Då var det 15 år sidan sist konkurranse. Framleis trenar ho regelmessig styrke og uthald.

Interesse for naturmedisin etter sjukdom

Hennar mor døyde av kreft berre 50 år gamal. Då måtte Renate overta familiegarden tidlegare enn planlagt. Samstundes styrkja det hennar interesse for helse og naturmedisin. – Eg byrja å studera på Universitetet i Bergen i 1993, men i 2000, midt i abeidet med hovudfaget, flytta eg og han eg var gift med, Erik Barman,1 heim att for å hjelpa mora mi med å restaurera fleire av dei gamle bygningane på garden, fortel ho. Renate arbeidde samstundes intenst med hovudfaget og var svært sliten sommaren 2001. Det var også mora. Begge gjekk og hangla heile sommaren. Det året blei mora alvorleg sjuk. Ho fekk påvist kjertelvevskreft.

– Legane sa dei ikkje kunne gjera noko og gav ho rundt tre månader att å leva. Ho fekk likevel lenger tid på garden og døyde i januar 2003. I sjukdomsperioden prøvde mor ulike komplementære behandlingsformer for å auka livskvaliteten, slik som magnetterapi, avgiftingskurar av ulike slag, mellom anna algekurar med chlorella, og fokus på tannhelse etter Hulda R. Clark (1928-2009) sine teoriar,2,3 fortel Renate, som her var ein pådrivar saman med Erik.

– Desse tiltaka gav mor merkbar positiv effekt. Ho beheldt stor grad av vitalitet og energi i over eitt år, men det mest interessante var at morsvulsten som blei funne i eggstokken, ikkje lenger var synleg på CT-skanninga, seier Renate.

– Legane som behandla ho, var ikkje like positive til alternativmedisinen og føreslo stråling. Mor torde ikkje å takka nei, men strålinga medførte skadar som gjorde at tilstanden hennar forverra seg. Ho blei stråla frå brystet og opp til haka, noko som resulterte i store indre forbrenningar i halsen. Dermed klarte ho ikkje å svelgja sitt eige spytt på grunn av smertene og måtte etterkvart over på sondefôring gjennom magen. I staden fekk ho cellegiftbehandling. Allmenntilstanden gjekk frå bra til pleie-pasient på særs kort tid, og ho måtte ha kraftige smertelindrande tiltak med mellom anna morfinpumpe, noko som reduserte sterkt hennar livskvalitet dei siste månadane ho levde, seier Renate ettertenksam.

Desse opplevingane prega Renate og styrkja hennar interesse for naturlege behandlingsformer som kan fremja kroppens sjølvlækjande eigenskapar. Ikkje minst vart ho meir og meir oppteken av det førebyggjande aspektet – å unngå miljøfaktorar som belastar kroppen, slik som næringsfattig ”industrimat” og kosmetikk med parafin og hormonforstyrrarar.

Unngår kosmetikk med hormonforstyrrarar

Renate har sjølv hatt ein del plagar som blei kopla til Candida-soppar (Candida-relatert kompleks), noko som blei avfeia av legane ho kontakta. I denne perioden tålte ho svært få matvarer. – Etter kvart fekk eg mellom anna lysbehandling, akupunktur og følgde ein streng diett. Eg fekk i første rekkje hjelp av Tore Jæger Abelsen ved klinikken Alternativ Ki Medisin i Bergen, og det gav etter kvart gode resultat. Energien, som var fullstendig fråverande då eg kontakta han, kom sakte, men sikkert tilbake med særleg lysbehandling og diett. Immunforsvaret betra seg i same takt, og kroppen tolte meir av påkjenningar utan å bli sjuk med betennelsar og febertilstandar. Matintoleransane forsvann gradvis i løpet av om lag åtte månadar på ein svært streng diett, fortel ho.

Erfaringane førte Renate inn i nye refleksjonar omkring helse og sjukdom. Samstundes ausa ho av Erik sin breie, medisinske kompetanse og rike erfaringar med ulike behandlingsmetodar, noko som var viktig for å kunna orientera seg i jungelen av ukonvensjonelle helsetiltak. Etter kvart blei ho særleg oppteken av korleis vi blir belasta av miljøet, til dømes korleis kremar og kosmetikk påverkar oss når vi smør det på vårt største organ – huda.

– Då byrja eg lesa og gå på kurs for å læra kva alle orda for ulike framand- og tilsetjingsstoff eigentleg stod for, og kva helseeffektar desse stoffa kunne ha. Fleire av dei er jo kjente hormonforstyrrarar. Med den kunnskapen eg etter kvart fekk, bestemte eg at slike produkt aldri skal på huda mi igjen! seier ho ettertrykkeleg. Renate ville i staden finna ut meir om korleis vi kan oppnå betre helse på naturleg vis.

– Det handlar i stor grad om å eta rein, næringsrik mat og unngå potensielt skadelege kjemikaliar i kosmetikk og andre forbruksartiklar. Bruk av hundre prosent naturlege ingrediensar gjer at du tek betre vare på både deg sjølv og jordkloden. Men for å kunna gjera gode, etiske val som er bra for helsa, er det nødvendig at slike produkt finst, konstaterer ho. Det blei spira til Vossabia si hudpleieserie. Men det heile starta med birøkt og honningproduksjon.


Kamillebalsam mot psoriasis

Linda Bukve frå Voss har hatt god effekt av Kamillebalsam frå Vossabia. – Eg har hatt psoriasis i forholdsvis alvorleg grad sidan 15–16-årsalderen. Utbrota avgrensar seg i hovudgrad til ledda, og eg er mest plaga på hender, albogar, bein og kne. I periodar har eg gått til lysbehandling, som har gjeve god effekt, men dette er ofte tidkrevjande, så no har eg kutta ut denne behandlinga, seier ho.

– For nokre få månader sidan bestemte eg meg for å testa ut Kamillebalsam frå Vossabia, etter å ha høyrt mykje bra om dette og andre av deira produkt. Kamille skal jo ha ein roande og betennelsesdempande effekt. I starten smurde eg meg først på hendene medan eg var på jobb. Då såg eg nokså raskt at kremen ikkje berre gjorde huda mindre tørr, men raudleten som er typisk ved psoriasis, forsvann også. Etter relativt kort tid blei eg så bra på hendene som eg aldri hadde vore før. Dermed ville eg prøva Kamillebalsam på heile kroppen. Og det verka! Men i påsken gjekk eg tom for krem, og då blei tilstanden straks verre. Dermed er eg ikkje i tvil om at kremen har hatt ein god effekt, og det tok omlag berre ei veke før resultatet viste seg fyste gongen, fortel Linda.

Fascinert av biene og blomstrane

– Ein dag kom Erik heim til garden med bier. Det var noko uventa, men fanga straks mi interesse, og etter kvart tok eg kurs i birøkt, fortel ho, og viser fram både kuber og honninglas.

– Kvar type honning har særprega smak, farge og konsistens – bestemt av kva blomar biene har henta nektar frå. Og honningen er skånsamt behandla og rørt før vi tappar den på fine glas, seier Renate, og viser fram bringebærhonning samla frå villbringebærblomar, honning smaksatt med rosenrot frå Voss, lynghonning blanda med litt whisky og vanleg lynghonning.

Arbeidet med biene opna auga hennar for ulike planter og deira kvalitetar. – Eg er særs fascinert av arbeidet biene gjer og eigenskapane til urtene i enga der dei flittige arbeidarane hentar nektaren sin. Det er ein ekstra dimensjon i birøkta, seier ho.

For Renate blei det ikkje nok berre å selja honning. – Biene produserer også andre medisinske og pleiande råstoff, slik som bivoks. Dermed blei det nye kurs der eg lærte å laga ulike produkt for å utnytta dette, fortel ho.

Eigen hudpleieserie

Heime på garden fortsette Renate dette arbeidet og utvikla steg for steg ein serie hudpleieprodukt som berre inneheld naturlege ingrediensar, slik som honning, bivoks og urteekstrakt. Ho byrja med ein leppepomade og fekk veldig god respons på denne. No tilbyr ho eit titals ulike produkt.

– Honning og bivoks er hovudingrediensar i våre hudpleieprodukt. I tillegg brukar vi vegetabilske oljer som er bra for huda, og nøye utvalde urter med bestemte eigenskapar for kvart sitt bruk, fortel ho. I dag er hudpleieprodukta berebjelken i verksemda.

– Vossabia-serien er for dagleg pleie og velvære og blir seld gjennom nettbutikk, i nokre butikkar med helsekost og økologiske varer, på messer og marknader, seier Renate, som er stadig å sjå på slike arrangement rundt om i regionen. Ho opplever i dag at folk flest er meir medvitne om verdien av naturleg hudpleie og etterspør kvalitet. Dermed ønskjer ho å vidareutvikla konseptet.

– I desember 2012 deltok eg på kurs i naturlege, økologiske hårprodukt hjå Aromantic i London, så snart blir det hårprodukt frå Vossabia også, seier den kreative gründeren, som medgir at det har vore krevjande å utvikla ein eigen hudpleieserie.

– Som akademikar er eg oppteken av å setja meg grundig inn i det eg driv med. Dette er mellom anna viktig for å kunna forstå effektane av produkta. Med andre ord har eg brukt mykje tid på å skaffa kunnskap om alt frå honning og bivoks til vegetabilske oljer og urter, seier ho, og gleder seg over den positive responsen frå kundekretsen.

– Det har kome mange tilbakemeldingar på produkta per telefon, e-post, sosiale medium og når eg står på marknadar og har direkte kontakt med kundane. Der fortel dei personlege historier om korleis produkta har hjulpet mot diverse plager. Dette er litt overraskande, for eg trur det skal mykje til før eg sjølv ville kontakta og takka ein produsent, seier ho. Men det er også andre som har verdsett hennar innsats. Kvinnovasjon Hordaland delte i oktober 2011 første gong ut sin eigen gründerpris. Den gjekk til Vossabia.4


Nokre rapporterte effektar

Renate har motteke mange positive tilbakemeldingar på Babysalven. – Den skal verka raskt mot utslett og såre stumpar. Dette produktet utvikla eg rett etter at dottera mi, Ylva, var født fordi ho blei nesten dagleg raud i stumpen. Med andre ord var denne salven i utgangspunktet hjelp til sjølvhjelp, fortel ho.

På mammaforumet Nybakt mamma kan vi m.a. lesa:  ”Vi kom over Vossabia babysalve med en tilfeldighet, og denne er bare helt fantastisk! Enkelte ganger har snuppa hatt åpne sår pga bleieutslett, men etter å ha smurt med denne salven så er hun synlig bedre etter bare en natt…det tar ikke lang tid før alt er borte, og huden er hel og fin igjen!
Beste jeg har prøvd, anbefales! Jeg har prøvd det meste tidligere…”.

Ringblomstsalven er det produktet Renate har fått aller flest tilbakemeldingar på. – Denne var meint å vera ein vitaliserande dagkrem, som også kan brukast mot eksem, brannsår og sår som ikkje vil gro. Både born og vaksne har rapportert om mindre eksem eller at det har blitt heilt borte. Mange personar har også opplevd positive effektar mot mellom anna kviser, rosacea (kronisk betennelse som gir raudlet i huda i ansiktet) eller utslett i ansiktet, tørre hender og sprukne fingertuppar. Nokon har dessutan meldt om hemoroidar som forsvann heilt ved bruk av ringblomstsalven, og ei kvinne fekk mindre strekkmerker, seier ho.

Kamillebalsam er eit anna produkt som har gitt mange fornøgde kundar med ulike hudproblem. – Min grandonkel på godt over 80 år hadde i eit par år eit ope sår på leggen som legane og sjukepleiarane ikkje fekk til å lækjast før dottera smurde han med kamillebalsam. Då lukka såret seg på eit par dagar, fortel ho. Middelet skal også verka mot kløe av ulike årsaker, slik som stikk frå insekt, brennenesle og vasskoppar. – Kamillebalsam er ikkje minst effektiv mot solbrent hud og soleksem. Andre bruksområde er mot hard hud, sprukne hælar, eksem og psoriasis. Fleire har fått babymjuke hælar etter berre nokre dagar med Kamillebalsam, hevdar Renate, og legg til at den siste tida har mødrer rapportert at dette produktet kan vera effektivt mot augekatarr hjå barn.

– Elles er vår Leppepomade mykje brukt mot tørre lepper og munnsår, Panterbalsam har hatt effekt mot mellom anna voksesmertar hjå born, revmatiske smerter og hovudpine, medan Augebalsam blir brukt mot hovne eller rennande auge, seier ho.

Visjonen like viktig som produkta

Renate har så langt vist at det i Noreg framleis går an å driva ei verksemd ut i frå ein ideologisk ståstad og kjerneverdiar som naturverd, kjærleik til landbruket og god helse gjennom medvitne val av alt frå mat til kosmetikk.

– Visjonen bak Vossabia er å visa korleis natur, kultur og helse heng i hop – å setja ting i perspektiv, sjå heilskapen og ta vare på kroppen og livsgrunnlaget gjennom konkret handling. Difor skal alle produkta vera hundre prosent naturlege og basert på økologiske ingrediensar. Og dei skal avspegla det som finst lokalt av naturressursar. Av den grunn brukar vi, så langt råd er, berre lokalproduserte råvarer frå garden, understrekar Renate, som ikkje vil gå på akkord med filosofien bak prosjektet sjølv om verksemda veks.

– Den djupare meininga bak konseptet er like viktig å synleggjera som å selja produkta. Difor brukar eg mykje tid på å fortelja om visjonen til verksemda, arbeidet til biene, plantenes liv i enga og naturens kretslaup, seier historikaren. Denne kunnskapen deler ho raust på ulike messer og andre arrangement, men like viktig er det å invitera folk til garden og la dei merka naturen på kroppen.


Lege og birøktar om honning og bivoks

Geir Flatabø, birøktar og lege ved Medisinsk Helsesenter i Ulvik, fortel at honning blir laga av sukkerhaldig nektar som biene samlar frå mange ulike blomster, og honningdogg, som er silrøyrsaft bladlus hentar ut frå ulike tre. – Biene tilset enzym og konsentrerer og tørkar inn nektaren til vel 80 prosent tørrstoff, altså nesten berre sukker. I praksis er honning ein sukkerlake med stort sett berre enkle sukkerarter i form av glukose og fruktose, som blir teke lett opp frå tarmen, litt fruktsyrer, ulike mineral, pollenrestar og enzym, seier han, og legg til at på sanskrit (gammalindisk litteraturspråk) er namnet med, same språkrot som i ordet medisin. – Det betyr at honning har vore og vel fortsatt er å betrakta som medisin, og det er rikeleg med forsking som dokumenterer breispektra, antibakterielle eigenskapar. Medisinsk sett har honning blitt mest brukt til hudpleie, som sår- og eksemmiddel og ved ernæringssvikt, fortel legen.

I tillegg til honning lagar bier voks frå kjertlar på bakkroppen. – Kjemisk sett er dette ein langkjeda alkohol. Voksen brukar biene som skjellett til sine ”celler”. Desse fungerer som oppvekstplass for bielarvar og yngel, og til lagring av mat i form av biebrød (mjølkesyregjæra pollen) og honning. Voksen i rein form er kjemisk sett svært nøytral og dermed veleigna til vern av overflater, enten det er menneskehud, lepper, skinn, lær eller møblar. Fordi voksen er relativt hard i romtemperatur, må den blandast med oljer for å kunna brukast i kosmetikk eller andre bruksområde, fortel Flatabø. Som tilsetjingsstoff i matvarer har bievoks nummer E901. – Den blir ofte brukt som eit nøytralt middel til polering og overflatebeskyttelse av drops og pastillar, men vi har ikkje enzym som spaltar bievoks, så den passerer rett gjennom tarmkanalen, avsluttar legen.

Å vera til stades her og no

Det kjem stadig gjestar til Vethe som deltek på kurs, seminar, vandrar i kulturlandskapet eller berre overnattar i eitt av dei restaurerte husa. – Målet med kursa er å læra folk å oppdaga og nyta naturen rundt seg ved å vera til stades her og no, bruka alle sansane, gripa naturen og sjølv verta gripen. Då går vi rundt i enga og skogen, snusar på blomane, smakar på ulike urter og sankar planter med heim, slik at gjestane får prøvd vekstane til ulike føremål, mellom anna ansiktsmaske, fotbad og tear. Dette handlar om reinsing av kropp og sjel med enkle middel og ritual, seier Renate engasjert, og fortel om menn i dress frå byen som kjem til gards med stive skuldrer, men der stresset renn av dei etter ein tur i enga, med ansiktet over dampen frå ”sprakje” (einer) eller eit fotbad med andre urter.

– Det er fascinerande å sjå korleis slike enkle ritual ”jordar” og balanserer folk, konstaterer ho, og nemner eit anna døme.

– På turane i kulturlandskapet eller skogen let eg ofte deltakarane finna vegen attende til gardstunet på eiga hand. Då skal dei gå åleine og i stilla gjennom landskapet. For mange er noko så enkelt og naturleg som dette heilt nytt og uvant. Det kan for enkelte verka litt skremmande, men gir samstundes ein nærare kontakt med naturen og rom for ettertanke, seier ho. Og når dei er tilbake på tunet, kan det vera aktuelt å bli betre kjent med bygningane der.

– Som historikar er eg naturleg nok oppteken av historia til kvar bygning, korleis husa er utforma etter bestemte funksjonar og kva materiale som er brukt i ulike epokar. På kursa freistar eg difor å levendegjera tradisjonen som bur i veggene og kva mine forfedrar og -mødrer dreiv med. Her kom til dømes folk for å brygga øl med oldefaren min, og i ølbrygging er det tidlegare brukt ulike urter, ikkje berre humle. Dessutan har jo nordmenn før oss brygga mjød av honning, så her finst ein raud tråd til dagens verksemd. Alt heng i hop! seier ho med eit smil, og rettar oppmerksemda mot bileta på veggen.

– Det er viktig med kunst i husa, ikkje minst frå lokalmiljøet. Difor har eg ein avtale med kunstlaget på Voss. Å nyta vakker kunst i historiske bygningar stimulerer det mentale og emosjonelle aspektet ved god helse, avsluttar den mangfaldige historikaren og gründeren på Vethe gard.


Hudpleieprodukt

I dag tilbyr Vossabia følgjande hudpleieprodukt:
· Leppomade med lavendel
· Leppomade med peparmynte
· Kamillebalsam
· Ringblomstsalve
· Babysalve
· Panterbalsam
· Sensuell massasjesalve
· Augebalsam
· Solkrem
· Kuldekrem
· Krydra honningskrubb
· Sitrus- og honningskrubb

Vossabia
Adresse: Vethe, 5700 Voss
Telefon: 997 92 998
E-post: post@vossabia.no
Dagleg leiar: Renate Lunde
Nettside: vossabia.no

Noter:

1. Tannlege Erik Barman er portrettert i VOF: Laupsa-Borge J. Tannlegen som ”gjemte seg” i 25 år. Helsemagasinet VOF 2011; 2 (7): 38-40, og Laupsa-Borge J. Vondt i kneet av skjevt bitt. Helsemagasinet VOF 2011; 2 (7): 41-8.

2. http://www.drclark.net

3. http://en.wikipedia.org/wiki/Hulda_Regehr_Clark

4. http://kvinnovasjon.no/grunder/vossabia-hordaland

5. http://vossabia.no/nettbutikk/

6. http://forum.nybaktmamma.com/showthread.php?t=602224&page=2

You may also like
Muggsoppgifter i innemiljøet
Bikarbonat
Jevninger
Kumelk- og glutenfri sjokoladekake

Legg igjen et svar