Støtt Helsemagasinet med en donasjon

Helsemagasinet utgis av Stiftelsen vitenskap og fornuft. Du kan bidra til at flere får tilgang til faglig baserte kunnskaper om hvordan du kan bedre din egen helse og folkehelsa generelt, og samfunnet bedre kan ivareta enkeltindividers behov for velferd, frihet, sikkerhet og identitet.
Stiftelsen trenger økonomisk støtte for på en best mulig måte kunne utføre slike oppgaver. Vi er takknemlige for ethvert bidrag eller donasjon uansett størrelse.

Stiftelsen vitenskap og fornuft
Bjerkelundsveien 8 B
1358 Jar

kr.
Personlig informasjon

Kredittkortinformasjon
Dette er en sikker SSL-kryptert betaling.

Totalt bidrag: kr. 20 One Time

Forside > Arkiv > 2017 > Forståing og grensesetting for religion og barnas beste

Forståing og grensesetting for religion og barnas beste

 

Denne artikkelen blei fyrst publisert 1. juni 2017 i Klassekampen, der forfattaren skriv fast i ei spalte om religion. I denne versjonen har me også tatt med aktuelle kjelder. Me meiner at temaet er relevant også for Helsemagasinet og voner at det vil vekka debatt. Som vanleg tar me imot lesarinnlegg til vår faste spalte med lesarbrev.

Tekst Anne Kalvig         Foto Elisabeth Tønnesen  / Shutterstock

”Barnets beste” er eit uttrykk som går igjen i norsk og internasjonal lovgjeving. Barn har krav på eit særleg vern fordi dei er umodne, sårbare og avhengige av vaksne. FNs Barnekonvensjon,1 som også er ratifisert av Norge, krev at staten skal treffa alle effektive og eigna tiltak for å avskaffa religiøs og tradisjonell praksis som skadar barns helse. Lovverket skal sikra barns rett til eit liv utan vold, overgrep og mangel på helsehjelp, og staten er forplikta til å gje barn trusfridom.

Lovregulering av omskjering handlar om nettopp dette. Sidan helseminister Bent Høie (f. 1971) i 2014 fekk Stortingsfleirtal for at staten skal legitimera og legga til rette for omskjering av gutar, er det bare modige partipolitiske røyster i Sp og nå sist FrPs landsmøtevedtak som tydeleg frontar at omskjering bryt med prinsippet om barns beste.

Helseskadelege praksisar og religionsfridom

Annonse:

Politikarane på venstresida unnlèt å velja mellom to sider, barnas beste eller vaksne si religionsutøving. I tråd med lovverket gjev omskjeringsmotstanang til gutar sin rett til ikkje å bli underlagte smertefulle, irreversible, risikofylte operative inngrep, der både medisinsk indikasjon og samtykke manglar. Avskaffing av helseskadelege, religiøse praksisar, samt gutars rett til religionsfridom og til å ha same vern i lovverket som jenter, utgjer ein bukett av argument for at fjerning av forhud må forbys inntil guten er gamal nok til å velja sjølv. Forkjemparane for omskjering av gutar hevdar at dette er så viktig i jødedommen og til dels islam, at det må få fortsetta, elles er det å forstå som innføring av jødeparagrafen2 på ny, sekundært islamofobi.

Eg har talrike gonger før uttalt meg og skrive om behovet for aldersgrense ved omskjering av gutar, og blir då rutinemessig ”jødeparagrafert”. Det er ikkje greitt, men det er heller ikkje greitt at dei religiøse som forsvarer skikken, blir forsøkt tillagt nedrige motiv eller karaktertrekk – at dei er bestialske, usiviliserte, fanatiske og vondskapsfulle. Eg trur dei vil det beste for barna sine, og i deira forståing er det beste dei kan gje sine barn, å bli innlemma i eit religiøst univers som opnar for det sanne, gode og skjønne i livet. Tradisjonen og/eller skrifta fortel då at dette skal skje ved å fjerna ein frisk og funksjonell del av babyens eller gutebarnets penis.

Ulikt vern for jenter og gutar

Men foreldra som fekk jentene sine omskorne, handla jo i følgje same logikk. Det sanne, gode og skjønne, legitimert med religion, blei realisert ved skjering i jentebarnets kjønnsorgan, og det greidde den norske staten å forby og skapa endra haldningar til.3 Kjønnslemlesting av jenter blir sett på som uforeineleg med verdiar og lovverk den norske stat forpliktar seg til. Den som utfører omskjering på jenter, blir straffa med fengsel i 10 år viss inngrepet fører til stor skade eller død. Legen som omskar den vesle guten som døydde i Oslo i 2012,4 fekk bare ei åtvaring fordi barnet ikkje var jente.

Er det mogleg å ha respekt for religion og religiøse folk, og samstundes krevja aldersgrense for omskjering av gutar, slik det er for jenter? Ja, sjølvsagt. Ein slik respekt tilseier at ein trur folk greier å tolka og leva ut religionen sin i tråd med dagens verdiar og medisinske etikk – slik jo fleire og fleire jødar og muslimar sjølve krev. Men det plar ikkje vera dei endringsvillige som blir intervjua når nokre tar til orde for aldersgrense her til lands. Og kva når foreldre ønsker omskjering av gutar, basert på sekulære syn på forhud som stygt og uhygienisk? Er det like heimla i lovverket, eller må foreldra finna på ei religiøs grunngjeving?

Andre avgrensingar utfrå verneomsyn

Staten overprøver altså det religiøse og tradisjonelle synet på at skjering i jenters kjønnsorgan er naudsynt. Jehovas vitnar og deira motstand mot blodoverføring er eit anna døme på statleg overprøving når det gjeld barn. I andre tilfelle er det inngrepstilbydarar som sett strengare reglar enn staten: Tatoveringsstudio har sjølvpålagt 18-års grense fordi tatovering er eit stort inngrep – samtykke frå foreldre eller ei. Tatovering kan vera sekulært eller religiøst motivert, men her er det varig endring av kroppen som er utgangspunktet.

Me går ut ifrå at foreldre i sum tenker på barns beste, men staten har inga plikt til å vera einig i denne vurderinga, tvert imot. Religion og spiritualitet kan ikkje få forrang framfor barnas rett til liv, helse og fridom frå smertefulle inngrep. Tida er overmoden for at også venstresida tar gutane sitt parti i omskjeringsdebatten.

 

Kjelder:

1. Barnekonvensjonen – barns rettigheter. http://www.fn.no/FNinformasjon/Avtaler/Menneskerettigheter/Barnekonvensjonen-barns-rettigheter (18.8.2017).

2. Ulvund F. Jødeparagrafen. I Store norske leksikon. 15..2.2017. https://snl.no/J%C3%B8deparagrafen (16.8.2017).

3. Johansen E. Kjønnslemlestelse. I Store medisinske leksikon. 16.2.2016. https://sml.snl.no/kj%C3%B8nnslemlestelse (16.8.2017).

4. Dolonen KA. Barn døde etter omskjæring. Sykepleien 18.3.2014.

https://sykepleien.no/2014/03/barn-dode-etter-omskjaering (18.8.2017).

You may also like
Jevninger
Feit hverdagsmat med lite karbohydrat. Nr. 3/2018
Når virkeligheten overgår våre villeste fantasier
UR kraft + kolonial – Norges første ”kraftbar”

Legg igjen et svar