Støtt Helsemagasinet med en donasjon

Helsemagasinet utgis av Stiftelsen vitenskap og fornuft. Du kan bidra til at flere får tilgang til faglig baserte kunnskaper om hvordan du kan bedre din egen helse og folkehelsa generelt, og samfunnet bedre kan ivareta enkeltindividers behov for velferd, frihet, sikkerhet og identitet.
Stiftelsen trenger økonomisk støtte for på en best mulig måte kunne utføre slike oppgaver. Vi er takknemlige for ethvert bidrag eller donasjon uansett størrelse.

Stiftelsen vitenskap og fornuft
Bjerkelundsveien 8 B
1358 Jar

kr.
Personlig informasjon

Kredittkortinformasjon
Dette er en sikker SSL-kryptert betaling.

Totalt bidrag: kr. 20 One Time

Forside > Arkiv > 2014 > Konsensuslandet Noreg

Offentleg debatt om helse og ernæring har ofte høg temperatur, men på medisinske fagområde rår ofte stor grad av konformitet. Dei som tenkjer ”utanfor boksen”, blir ofte tidd i hel eller halde utanfor dei viktigaste fora der vedtak om offentleg politikk vert tekne. Kvifor er mange så redde for å seia meininga si på felt der Staten er meiningsbærande?

Tekst Johan Moan og Dag Viljen Poleszynski     Foto Shutterstock

Folk i ulike land er ikkje like konforme. Ein klassisk studie frå 1961 samanlikna Noreg og Frankrike og fann at nordmenn var mykje meir konforme enn franskmenn.1 Sjølv om vi ikkje har nyare data, er slik atferd i samsvar med nyare erfaringar: offentleg lovgiving om, til dømes, tobakksrøyking blei først vedteken i Noreg (1973),2 og  mykje seinare i Frankrike (2007).3 Norsk lojalitet overfor øvrigheita har historiske røter som truleg fortsatt er sterke, umedvetne føringar for debattklimaet.

Nokre lurer kanskje på kva vi meiner med konformitet. I denne samanhengen tenker vi på i kor stor grad folk føyer seg etter andre si oppfatning, sjølv om ho er gal. Studien vist til ovafor tok utgangspunkt i folkelege oppfatningar om andre folkeslag, slik som at tyskarar er ”særs flittige”, sveitsarar ”pertentlege” eller britar ”tilbakehaldne”. Slike generaliseringar er ikkje ei moderne oppfinning, men har ei tusenårig historie.

Ein forsøksserie1 vart sett opp for å samanlikne graden av konformitet mellom franskmenn og nordmenn. I eitt av eksperimenta undersøkte forskarane om ein person som vart utsett for gruppepress, klarte å skilja korrekt mellom kor lenge han fekk høyre på to lydar i øretelefonar etter å ha høyrd svara han trudde var gjevne av fem andre personar. I røynda var han aleine, men ved å setje opp seks båsar, fem med døra igjen og ein med døra open, medan han sjølv satt i den ledige båsen, trudde forsøkspersonen at totalt seks personar skulle testas. Forsøkspersonen høyrde svara til dei fem fyrste før han sjølv svara. Etter utprøving av metoden blei studien testa på 20 franskmenn og 20 nordmenn, som fekk spørsmåla på sitt eige morsmål.

Annonse:

Testen viste at nordmenn i signifikant større grad enn franskmenn ga etter for gruppepress: 62 prosent av nordmennene svarte feil, mot 50 prosent av franskmennene. Også to andre forsøk med nye forsøkspersonar (studentar) viste at nordmenn var betydelig meir konforme enn franskmennene.

Ein samleanalyse frå 1996 diskuterte resultat frå 133 studiar utførde i 17 land, frå dei klassiske linestudiane til Asch blei utførde i 1952.4 Den fann at konformitetsgraden hadde falt i USA sidan 1950 og at meir kollektivistiske land viste tendens til å vera meir konforme enn land der individuell tenking vert sett høgt.

Asch sine linestudiar vart for nokre år sidan gjentekne i Japan, der 40 menn og 64 kvinner deltok.5 Dei fekk sjå ein PowerPoint-presentasjon der ein minoritetsrepresentant og tre andre (majoriteten) blei vist ulike stimuli i eit halvtransparent bilete. Dei fann at minoritetskvinner var konforme med majoriteten uansett om majoriteten svarte det same som dei eller ikkje, men at menn uansett ikkje var konforme.

Noreg – eit trygt land

Her til lands ynskjer styresmaktene at alle skal vita kva som er sunt og kva som er skadeleg, både når det gjeld mat og meiningar, tru og tanke. Dette kan greitt ordnast ved at eit formyndarvesen kjem fram til ein ”konsensus” (einigheit), eit av moteorda i tida. Det skal råda ”konsensus” om alle viktige spørsmål som styresmaktene definerer som viktige. Ei almen konsensusforståing gjer folk trygge.

Styresmaktene, formyndarstaten, tek ansvaret og stadfestar ”konsensus” om livsførsel, tru, moral og meining. Jamvel prestar opnar preikene sine og folks hjarta med å vedkjenna si rette, sakrale og nasjonale konsensuskjensle om 22. juli 2011. Journalistar gjer det same i profan form, kva dei no enn skriv om. Dei har gjort det meir enn tre år no. Sjølv Kongen og statsministeren har forma talane sine rett i høve til 22. juli. Dette er berre eitt døme. Konsensus skal råda på ei rad felt: Om at born vert fint forma og oppseda solidarisk i konsensusrette barnehagar og skular, om kvinneundertrykking, homofili, familiepolitikk, sjukehussamanslåing, abort, læra til kyrkja, miljøvern, osb. Miljøvern er forresten eit så konsensustungt omgrep at prestar som ikkje nemner 22. juli i åpningsfrasane, i staden nyttar skrekkscenariet om global oppvarming eller oljeutvinning i nord.

Som ein slags kulturnasjon kan vi leva med dette og i einerom fordjupa oss i vår eigen og i tidlegare tiders klassiske tenking. ”Die Gedanken sind frei”6 [”Tanken er fri”], kviskrar vi, i tråd med den tyske songen om ytringsfridom frå tidleg på 1800-talet. Men ille, ja, katastrofalt, vert det når dei krev konsensus også innan forsking. Då kan vi ikkje berre kviskra lenger. Formyndarstaten skjønar ikkje at forsking faktisk må gå føre seg konsensusfritt. Frie forskarar skal tenkje fritt og ”leande sjå kor dei gamle gudar går under i elden”.

Eksempel frå forsking

Ein av oss (JM) vil ta fram to eksempel frå eiga forsking gjennom 45 år: I 1970-åra starta eg, som ein av pionerane i verda, å forska på korleis lys kunne nyttast i behandling av kreft. I mange år vart eg ledd av og kalla ”kontroversiell”. Det er eit kjært ord i konsensusmakerane sitt vokabular. Men firmaet Photocure ASA7 voks på 1990-talet fram av denne ljosforskinga, og i dag er godt over ein million hudkreftbehandlingar utførte. ”Mot konsensus” ville den folkekjære komikaren Leif Juster (1910–85) ha sagt.

Ei tid trudde eg (JM) sol var usunt for folk og preika konsensuslojalt om det. Hudkreftforskinga mi i 1980-åra ga meg ro for denne trua. Men tidleg på 90-talet tok eg enno ein gong fatt på pionerarbeid i landet: D-vitaminforsking. Eg måtte skifta meining: Sol i rette dosar gjev både psykisk og fysisk helse. Menneska vart kvite da dei drog mot solfattigare strøk. Vi kan spørja om solarium er bra, sidan dei kan bøta på solmangelen i vintermørkret. Dei kan halda D-vitaminnivået vårt jamt gjennom året, slik det var ved vår vogge i Afrika, og hindra at nivået går opp og ned med årstidene som ein jojo. Men i Noreg skal konsensus råda: Soling og solariebruk er usunt; dei sender ut strålar som gjev folk hudkreft. Heldigvis er eg ikkje den einaste forskaren som har ”tvisyn” i denne saka: Sommarsol og solarium gjev mykje D-vitamin, som er ein mangelvare i store grupper i landet (særleg ungdom og innvandrarar). Mykje helse følgjer med ein god D-vitaminstatus. Moderat soling bør ikkje kategorisk stemplast som usunt, jamvel om det lagar kluss i konsensusmakerane si verd. Diverre vert vi ”tvisynte” stempla som kontroversielle og får liten eller ingen stønad til vår forsking.

Misjonærar for konsensusstaten

Det er eit paradoks at dei som tidlegare tvang relativisme inn i alle fora, især i livssyns- og religiøse fora, no er misjonærar for konsensusstaten og pøser på med forbod for å halde folket innan konsensusbingane.

Konsensusmakerane i stat og kyrkje freistar jamvel å få folk til å tru at det rår konsensus om at det esande byråkratiet er eit gode for folk flest. Der feilbereknar dei nok dømekrafta til folk. Eit ovstort byråkrati var, er og vert ein bøyg, ullen, uhandgripeleg, lamande, fridomsrøvande og osande av usunn sjølvtillit. Det sår samstundes mistillit om folket sitt sunne vett.

Byråkratiet sjølv er konsensusmakeran over alle. Det legg konsensusband jamvel på kva vi kan seia, om vi vil dømast tilreknelege. Ein avdelingsleiar i Oslo kommune skreiv i 2013 at ”I Oslo kommune må ytringsfridom tape mot tilsette sin lojalitetsplikt”. Her lyt dei nok endra grunnlova, sidan ytringsfridom er grunnlovfesta, medan lojalitetsplikt mot konsensus ikkje er det! Bønene våre til ”høgre makter” lyt gå lange tenestevegar gjennom byråkratiet der dei ofte forsvinn eller vert dempa ned.

Ein dag kom ein mann trillande med ei vogn med lyspærer utanfor kontoret mitt (JM) på Oslo Universitetssjukehus. Eg tek han venleg i ermet og ber han setje inn ei ny pære på WC-en vår rett ved. Han nektar og gir meg ordre om å rapportera via tenesteveg over e-post. Såleis vart ein ærleg operasjon på eitt minutt ”bøygt” til å taka minst ein halv time av ein konsensuslojal mann!

”Konsensus” er eit sterkt våpen i hendene åt Formyndarstaten. Konsensus avlar forbod, og det finns ikkje grenser for kor lange dei politiske forbodsarmane er. Dette kan opplevast som rein plaging av folk. Alle er vi lovbrytarar, og det mest heile tida. Folkevettet som enno rår, vert køyrt over. Individets ansvar kan makeleg abdisera der konsensus har makta. Å seia noko mot konsensus er like upopulært andsynes dressert kollektivisme som i møte med narsissistisk individualisme. Ein lyt tenkja på kritikken som Fjodor Mikhajlovitsj Dostojevskij (1821–81) retta mot det marxistiske byggverket, jamvel før det var reist! So lyt og vi protestera mot Formyndarstaten og konsensusmakerane i departementsbyråkratiet før det er for seint!

Kvifor er vi så konforme?

Nylig har ein interessant studie kasta ljos over kvifor Noreg fostrar så konforme meiningar. Professor Øystein Rian (f. 1945), professor i historie ved Universitetet i Oslo,8 har skrive eit viktig opus magnum, kalla Sensuren i Danmark-Norge. Vilkårene for offentlige ytringer 15361814,9 der han syner at denne perioden var prega av sterk meiningsundertrykking og liten debatt om viktige samfunnsforhold.10 Rian viser til at Noreg-Danmark var eit einevelde, ein form for diktatur som bar sterkt preg av sensur på ein rekke samfunnsområde. I motsetnad til andre europeiske land sakna unionen alternative maktbasar til kongen, slik ein hadde både i Frankrike, Tyskland og Storbritannia, tre land der ytringsfridom hadde betre kår enn her.

I Danmark-Norge måtte bokutgjevingar førehandsgodkjennas før utgjeving, og statskritiske ytringar blei strengt straffa. I skuleverket fann religiøs indoktrinering stad med streng disiplin, Private aviser var pålagde å halda seg til statlege framstillingar om konge, politikk og styreverk. Eit eksempel som illustrerer graden av sensur, var at ei bok som i 1779 skildra ein utopi for Noreg 200 år fram i tida, blei stoppa av stifamtmannen i Kristiania, som meinte at fantasien kunne bli lesen som ein kritikk av kongemakta og difor var eit majestetsbrot.

Opposisjonelle, slike som lekpredikanten Hans Nielsen Hauge11 (1771–1824), fekk sine religiøse bøker konfiskert. I 1813 blei han jamvel dømd til to års slaveri for sine ”kjetterske”  (les: ikkje statleg godkjende) ytringar, altså ytringar utanfor konsensus.

Rian meiner at vi fortsett ber ein tung arv etter einsrettinga som fann stad under dansketida. Intoleranse mot avvikande haldningar og innordning under framande makter er døme på dette. Han dreg i fyrste rekke fram ”norsk utanrikspolitikk og norske media si dekking av denne, der dei sterke føringane frå EU, Nato og USA, vert ikkje berre aksepterte, men tekne for å vera sjølvsagte.” Norske styresmakter held seg lojalt til vedtak innafor ramma av EØS-avtalen, sjølv om Noreg ikkje er med i EU.

Fortsatt sensur?

Etter vår meining lever sensur – inkludert sjølvsensur – mot offentleg å hevda eigne meiningar, vidare på mange andre område enn i utanrikspolitikken. Mellom anna gjeld dette i diskusjonen om helsepolitikk, anten det no dreier seg om synet på fluor, fett, sollys eller ernæring allment. Også her finns ”autoriserte” meiningar, og ”kontrollørar” vaktar på at berre dei slepp inn i varmen som har dei ”rette” meiningane.

Det verkar ikkje som det spelar noka stor rolle om regjeringa er raudgrøn eller blå-blå når det gjeld rom for at folk kan bli høyrt. Byråkratiet med alle sine ”ekspertutval”, inkludert mange utvalde, faste professorar ved universiteta (som under eineveldet 1536–1814) verkar fortsatt som sensurinstans, og lydige media slepp berre unntaksvis til frie meiningsytringar. Dei er meir opptekne av ”underhaldande” polarisering – brød og sirkus – som sel mykje betre enn sakleg informasjon og fagleg diskusjon.

Kjelder:

1.  Milgram S. Nationality and conformity. Scientific American 1961; 205: 45-51. http://psycnet.apa.org/psycinfo/1962-06297-001

2.  Tobakksskadeloven av 1973; jf. http://no.wikipedia.org/wiki/Tobakksskadeloven

3.  Bachelot-Narquin R. The International Tobacco Control Policy Evaluation Project. ITC France National Report. Departement for helse og idrett, Paris 2009. http://www.inpes.sante.fr/etudes/itc/pdf/ITC_rapport_EN.pdf

4.  Bond R, Smith PB. Culture and conformity: A meta-analysis of studies using Asch´s (1952b, 1956) line judgement task. Psychological Bulletin 1996; 119: 111-37. http://psycnet.apa.org/?&fa=main.doiLanding&doi=10.1037/0033-2909.119.1.111

5.  Mori K, Arai M. No need to fake i: Reproduction of the Asch experiment without confederates. International Journal of Psychology 2010; 45: 390-7. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/22044061

6.  http://en.wikipedia.org/wiki/Die_Gedanken_sind_frei

7.  http://en.wikipedia.org/wiki/Photocure

8.  http://en.wikipedia.org/wiki/Øystein_Rian

9.  Rian Ø. Sensuren i Danmark-Norge. Vilkårene for offentlige ytringer 1536-1814. Oslo: Universitetsforlaget, 2014. http://www.haugenbok.no/Fagboeker/Exphil-Exfac/Sensuren-i-Danmark-Norge/I9788215023328

10.  Kulås G. Tek oppgjer med sensurhistoria. Klassekampen, 3.10.2014: 22-3.

11.  http://en.wikipedia.org/wiki/Hans_Nielsen_Hauge

You may also like
Myseprotein
Jevninger
Trådløse nettverk? Ikke i skoler og barne- hager på Kypros
Oppdatering om stråling fra andre land

Legg igjen et svar