Kvalitetsvarer // Fast frakt kr. 69,- // Fri frakt over kr. 1200,- // Rask levering på lagerførte varer

Korleis få til ein omstart på norsk landbrukspolitikk?

Bli abonnent av Helsemagasinet og få Hormonskolen som PDF i velkomstgave!

Som abonnent får du:
Rabatterte priser på utvalgte produkter i Helsemagasinets nettbutikk
Tilgang til over 3000 artikler om helse
Tilgang til alle tidligere utgitte magasiner i PDF
Prøv Helsemagasinet for så lite som 10 kroner i 10 dager!


[gdlr_box_icon icon=”none” title=”Matpolitikk”]Denne spalta presenterer klare meninger om norsk mat- og landbrukspolitikk. Her kommer et bidrag av sosiolog Reidar Almås ved Bygdeforskning.[/gdlr_box_icon]

Eg har lenge forsvara den norske landbruksmodellen. For ei tid sia lanserte landbruks- og matministeren, liberalisten Jon Georg Dale frå FrP, ei melding til Stortinget der han legg opp til, bit for bit, å undergrave den norske modellen og avskaffe viktige ordningar. For min del har eg kome til at vi treng nye, aktive politiske verkemiddel. Skal vi koma dit vi vil, treng vi ein restart med nye verkemiddel som dagens regime ikkje vil sette i gang.

Eit samla Storting står bak ambisjonen om å auke matproduksjonen i takt med auken i folketalet. Trass i ein ambisiøs og dyr landbrukspolitikk går kornarealet og sjølvbergingsgraden ned, meir av maten blir produsert på innførte ressursar, og utmark og innmark gror til. Ingen kan vel meine at færre og større bruk er svaret på alle spørsmål! Dersom vi held fram med dagens kurs, leier det oss dit ingen vil.

Korleis skal vi koma dit mange vil, i alle fall fleirtalet? I boka Omstart har eg skissert korleis vi med ei rekkje mindre, men målmedvitne grep kan få til eit sporskifte. Oppsummert meiner eg at måla for ein nye landbrukspolitikk bør vera:

Ein større del av norsk matproduksjon må baserast på norske ressursar.

LES OGSÅ  En ny samfunnskontrakt for landbruket

Ein større del av fôret til dei drøvtyggande husdyra må koma ifrå utmark og kulturbeite, der dyra sjølve kan hauste fôret.

Annonse:
abonnement helsemagasinet

Det må koma ei ny regional arbeidsdeling der meir av kjøttproduksjonen blir kanalisert dit fôret og spreieareala for husdyrgjødsel finst.

Det bør innførast eit sjølvbergingsmål, både med og utan bruk av importerte ressursark.

Eg foreslår å flytte på kr 2 milliardar av areal- og kulturlandskapstillegget (AK-tillegget), som er på 3 149 millionar. AK-tillegget fører i dag til at drifta vert meir ekstensiv, driv opp jordprisane og hamnar i feil lommer. Ved å overføre storparten av det passive AK-tillegget til aktive verkemiddel premierer ein produksjon på norske ressursar: Betaling for grovfôr frå innmark og utmark og kornproduksjon på god kornjord. Skal matproduksjonen aukast slik politikarane og folket vil, må det svare seg betre å produsere det som det er for lite av: Storfekjøtt, gras og korn. Eg foreslår følgjande verkemiddel:

Områdedifferensiert pristilskott for storfekjøtt for å minke importen og auke tilførsla av storfeslakt.

Tilskott til beitelag og einskildpersoner for å gjerde inn utmark som er eigna til utmarksbeite. Virtuelle gjerder eller lydbjeller som ”NoFence” kan også vera ei god løysing.

Styrke forskinga på og utvikling av proteinfôr basert på norske råvarer som skog, tare, gras og restråvarer frå jordbruk, skogbruk og havbruk.

Gje kontanttilskott til ”siste bonden i grenda” som ein kompensasjon for å bu usentralt og for å bidra til å oppretthalde nasjonal infrastruktur.

Ryddetilskot til ”det herrelause kulturlandskapet” over heile landet.

Tilskot til overflatedyrking og opparbeiding av nytt kulturbeite i utmark.

Annonse:
sjokolade - annonse

Gje høve til å sette av fond som følgjer bruket til bruksbygging.

LES OGSÅ  Mindre fattigdom og svolt med internasjonal frihandel av matvarer?

Heva tilskot til norsk matkorn og til prisnedskriving av norsk fôrkorn.

Kvar for seg er dette åtte små steg, men dersom dei blir innført gradvis, kan dei bringe oss dit vi vil, og ikkje dit ingen vil. Kva bør så vera belønninga til bonden for å vera med på denne snuoperasjonen? Det ligg i dagen: Tetting av inntektsgapet til andre grupper, korkje meir eller mindre.

[gdlr_box_icon icon=”none” title=”Om artikkelforfatteren”]Reidar Almås (f. 1943) er dr.philos. i sosiologi (UiB, 1980). Han har vore professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk ved NTNU i Trondheim, der han har bygd opp Norsk senter for bygdeforskning. Som pensjonist arbeider Almås med publisering og anna formidling i deltidsstilling ved Bygdeforskning og er professor emeritus ved NTNU. Han har publisert ei rekkje bøker, mellom anna Norsk jordbruk – det nye hamskiftet (1977), Bygdesosiologi (1985), Bygdeutvikling (1995), Norges landbrukshistorie (2002) og Norsk matmakt i endring (2015), den siste med Hilde Bjørkhaug og Jostein Vik. E-post reidar.almas@bygdeforskning.no [/gdlr_box_icon]

Del gjerne med dine venner

landbruk, Matpolitikk

0
    0
    Din handlekurv
      Calculate Shipping
      Apply Coupon