Skip to main content

Mindre fattigdom og svolt med internasjonal frihandel av matvarer?

Det er naivt å tru at vi kan redda verdas fattige og svoltne ved å kjøpa maten deira. Det seier samfunnsgeograf Heidi Lundeberg (33), som leiar nettverksorganisasjonen Handelskampanjen.

Tekst Johnny Laupsa-Borge Foto Agurtxane Concellon og shutterstock/Pecold

Ei rekkje politikarar og organisasjonar meiner at Noreg bør i større grad importera matvarer frå utviklingsland for å hjelpa dei ut av fattigdomen og redusera dei negative effektane som landbruket i industrilanda påfører klimaet. Nyt Afrika argumenterer på same måte.1 Bak denne kampanjen, som starta i 2012, står ti norske miljø- og utviklingsorganisasjonar.

Heidi Lundeberg er kritisk til resonnementet og meiner vi bør gå ein annan veg. – Vi kan ikkje redda verdas fattige og handtera dei globale klimaproblema ved å byta ut norsk mat med til dømes afrikanske varer, hevdar samfunnsgeografen.

­– Organisasjonane bak Nyt Afrika-kampanjen argumenterer med at afrikanske matprodusentar kan få ein langt høgare pris for matvarene sine på den internasjonale marknaden enn dei får lokalt, og at vegen ut av fattigdom er lønsarbeid. Dei hevdar at ved å eksportera varene sine til Noreg og andre europeiske land, vil småbønder kunna kjøpa seg ut av fattigdomen, fortel Lundeberg.

– Ifølgje kampanjen er det også pengar som skal til for å metta dei svoltne, for det er nok mat i verda, men den er skeivt fordelt fordi dei fattige manglar kjøpekraft.


Hvor får man tak i økologiske produkter?

I 2012 fanst det 2 590 landbruksverksemder som driv økologisk, ifølgje Debio, som er kontrollorganet for økologiske og berekraftige produksjonar i Noreg. Ei oversikt over gardar og produsentar som har økologiske produkt, finn du på nettsida

http://okologisk.no/bedrift/hvem/.


Lundeberg framhevar at fattige land har tollfridom på eksport av varer til Noreg, men likevel importerer vi svært lite matvarer frå Afrika.

– Ifølgje organisasjonane bak kampanjen skuldast dette produksjonsstønaden som staten gjev norske bønder, noko som gjer at afrikanske eksportørar ikkje kan konkurrera på pris. Dei meiner difor at Noreg må slutta å subsidiera eigen matproduksjon, slik at det blir importert meir av afrikanske matvarer. Dette skal også vera positivt for miljøet, for afrikansk landbruk blir presentert som meir klimavenleg enn det norske, fortel ho. Organisasjonane bak Handelskampanjen vurderer situasjonen annleis og lanserer andre løysingar.

– Nyt Afrika-kampanjen er banal og naiv av fleire årsaker, hevdar Lundeberg. – For det første er det storkapitalen som deltek i den internasjonale frihandelen, og ikkje dei fattige småbøndene som politikarar og ideelle organisasjonar ønskjer å hjelpa. Matvarene frå utviklingsland kjem hovudsakelig frå plantasjar drevet av store, transnasjonale selskap. Disse dominerer varehandelen regionalt og globalt, og dei kjøper opp stadig fleire ledd i matvarekjeda, inkludert jordressursar frå lokale godseigarar i utviklingsland, forklarer ho.

Lundeberg legg til at frihandelsavtalar alltid har vore eit ønskje frå storselskapa, medan småbønder i ulike land har kjempa mot dette fordi det eksportretta jordbruket ofte øydelegg eksistensgrunnlaget deira. Mange stader kan ein heller ikkje kalla plantasjearbeidarar for lønsarbeidarar, for dei lever og arbeidar under slaveliknande forhold.

LES OGSÅ  Hva skal bonden leve av?

Engasjert samfunnsgeograf

Heidi Lundeberg (33) er samfunnsgeograf frå Universitetet i Oslo. Ho leverte masteroppgåva si om nasjonalisering av gassressursar i Bolivia ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (Nupi). Lundeberg har bakgrunn frå Attac-rørsla, og ho har mellom anna arbeida eitt år for Southern and Eastern African Trade Information and Negotiation Institute (SEATINI) i Uganda. I dag er Lundeberg dagleg leiar for Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG)4 og leiar av nettverksorganisasjonen Handelskampanjen,5 som samlar norske fagforbund, utviklings- miljø-, og bondeorganisasjonar for rettvis internasjonal handel. Ho var også blant initiativtakarane til Alliansen ny landbrukspolitikk.6


Trussel mot lokal matvaretryggleik

– I land med svært lite industri er det tilgangen på jord som definerer klassestrukturen. Jordlause og småbønder dannar underklassa, medan arbeidarane på plantasjane utgjer arbeidarklassa. Dei store jordeigarane, godseigarane, er overklassa, og dess meir lukrativt det er å produsera jordbruksvarer, dess meir jord vil overklassa ønskja å eiga. Godseigarar og transnasjonale selskap kjøper opp jord av småbønder og nyttar seg av valdelege midlar for å tvinga folk vekk frå jorda si, seier Lundeberg.

– Dermed utgjer det eksportretta jordbruket mange stader ein trussel mot lokal matvaretryggleik. Færre småbønder med mindre jord betyr mindre matproduksjon for lokal marknad, forklarer ho, og poengterer at mange av dei landa som er netto eksportørar av jordbruksvarer, slit med svolt.

Lundeberg fortel at småbønder og plantasjearbeidarar i utviklingsland har samla seg i den store nettverksorganisasjonen Via Campesina.2 Dei kjempar for matsuverenitet, det vil seia at kvart land har rett og plikt til å produsera mat for eigen befolkning.

– Småbønder har liten eller ingen rolle i den eksportretta landbruksindustrien, men dei spelar ein stor rolle for å sikra mat til lokale og regionale marknader, understrekar samfunnsgeografen.

Arven frå kolonitida

Sidan kolonitida har landa i sør produsert jordbruksvarer og bytta desse mot vidareforedla produkt frå rike land i nord. – Ettersom pengeverdien aukar med graden av vidareforedling, er dette ein uheldig byttehandel for utviklingslanda. Situasjonen medfører eit handelsunderskot som gjer at utviklingslanda må ta opp lån frå internasjonale finansinstitusjonar, seier Lundeberg. Dermed vil eit eksportretta jordbruk langt på veg vidareføra arven frå kolonitida. Også handelsstatistikken mellom Noreg og utviklingsland viser eit kolonialt mønster. Vi importerer jordbruksvarer og eksporterer industrivarer.

– Noreg er langt frå sjølvberga når det gjeld mat, og i dag importerer vi om lag halvparten av den maten vi et. Mesteparten av importen kjem frå store matprodusentar i EU. I staden burde vi ha importert denne maten frå mindre kooperativ3 i utviklingsland, meiner ho, og hevdar at internasjonal frihandel ikkje vil bidra til ei slik importdreiing.

Riktig å subsidiera landbruket?

Lundeberg er også oppteken av bøndenes økonomi og korleis ein best kan støtta landbruket.

– Høgresida i norsk politikk og handelsstanden har lenge argumentert for å kutta produksjonsstønaden til norske bønder, som dei meiner er ineffektive og dyre i drift, og dessutan senka tollsatsane, slik at vi får fleire billege matvarer frå EU. Samstundes ønskjer organisasjonane bak Nyt Afrika-kampanjen at norske bønder skal få stønad til å utvikla eit miljøvenleg landbruk ved å halda kulturlandskapet i hevd, ikkje primært til å produsera mat. Men utan produksjonsstønad klarer ikkje norske bønder å konkurrera med høgt subsidiert europeisk landbruk, som i stor grad baserer seg på lågt lønna, illegal arbeidskraft, seier ho, og legg til at den norske produksjonsstønaden er noko bondeorganisasjonar i utviklingsland misunner oss.

LES OGSÅ  Industrilandbruket medfører sult og store miljø- og helseproblemer

Lundeberg framhevar at det er stor skilnad på å subsidiera mat til eige forbruk og å støtta eksportretta matproduksjon. Det blir produsert nok mat i verda. Utfordringa er den skeive fordelinga, og paradoksalt nok er det bøndene som slit med underernæring.

– Alle land må ha rett til å produsera mat for eigen befolkning. Eksportretta subsidiar verkar konkurransevridande og er spesielt uheldig for eksportørar i utviklingsland som ikkje får stønad. Difor har ein i Verdas Handelsorganisasjon blitt einige om å kutta eksportsubsidiar innan utgangen av 2013, fortel ho.


Alliansen ny landbrukspolitikk

Alliansen ny landbrukspolitikk blei stifta 19. januar 2012.6 Bak alliansen står ei rekkje ungdomsorganisasjonar som ikkje er knytt direkte til landbruksnæringa, men som engasjerer seg for sunn og god mat, miljøvern og internasjonal solidaritet: Norges Bygdeungdomslag, Sosialistisk Ungdom, Attac Norge, Biologisk-dynamisk Forening, Natur og Ungdom, Grønn Ungdom, Oikos – Økologisk Norge og Latin-Amerikagruppene i Norge.

Heidi Lundeberg var blant initiativtakarane, og ho fortel at alliansen ønskjer ein robust og solidarisk matproduksjon basert på nasjonale ressursar, og ikkje ein kapitalintensiv stordriftsmodell som landbrukspolitikken har dreidd seg om dei siste åra. Dessutan er alliansen kritisk til frihandel med mat.

Alliansen ny landbrukspolitikk byggjer på ei felles forståing om at kapitalintensiv, industriell stordrift i landbruket verken er økonomisk, ressursmessig eller sosialt berekraftig – og at frihandel med mat ikkje kan løyse verdas fattigdoms- og matforsyningsproblem, seier ho.

– Med andre ord må ein alternativ landbrukspolitikk baserast på berekraftig bruk av eit mangfaldig ressursgrunnlag på norske landbruksareal i solidaritet med andre lands rett til å ta vare på eigen matproduksjon. Alliansen har som mål å bidra til kunnskap og ein samfunnsdebatt som fører landbrukspolitikken i ei meir berekraftig retning.

Lundeberg stiller seg svært kritisk til medienes einsidige og feilaktige landbrukspolitiske dekning. – Gong på gong fortel VG, Aftenposten, TV 2 og andre at den norske maten er veldig dyr både for samfunnet og forbrukarane. Faktum er at nordmenn aldri har brukt så lite av sine inntekter på mat, og i Noreg går ein langt mindre del av folks utgifter til mat enn i resten av verda. Med andre ord er maten altfor billig i Noreg, hevdar ho.

– Det heng ikkje på greip at vi skal betala mindre for maten enn kva det kostar å laga den, medan vi brukar enorme pengesummar på bustader som går rett i lomma til spekulantar utan at dei produserer noko av reell verdi, seier den engasjerte samfunnsgeografen, som viser til at vi i dag berre bruker rundt 11 prosent av utgiftene våre til mat mot 24 prosent i 1970. Det er lågast i Europa.

– Eg vert flau kvar gong daglegvarekjedene reklamerar med at dei har klara å dumpa matvareprisane, seier ho, og påpeikar at også norsk landbruk er relativt billig.

– Samanlikna med andre sektorar går det ein relativt liten del av statsbudsjettet til landbruket. Vi bruker no rundt 13 milliardar kroner årleg, og det er berre 1,7 prosent av statsbudsjettet. I 1978 utgjorde landbruksstønaden åtte prosent.

Lundeberg er også oppteken av bøndenes inntekter. – Lønsgapet mellom bønder og andre grupper har auka. Samstundes produserer kvar bonde dobbelt så mykje som for ti år sidan, seier ho, og hevdar at det ligg mykje politikk i medienes framstilling av landbruket.

– Difor har alliansen sett seg som hovudmål å bidra med meir kunnskapsbasert informasjon, fortel Lundeberg, som trass alt gleder seg over at debatten om matpolitikk har fått ein ny giv dei siste par åra.

LES OGSÅ  Massemigrasjon til EU og europeisk nasjonalisme

– Takka vera fjorårets opprør mellom bondeorganisasjonane og staten, initiativ som Alliansen ny landbrukspolitikk, ei ny landbruksmelding og fleire gode debattbøker, så har viktige aspekt kome på banen, avsluttar den engasjerte samfunnsgeografen og solidaritetsforkjemparen.


Støtt småbøndenes kooperativ

Dei internasjonale matvarekjedene er dominert av transnasjonale selskap og landbruksindustri, og ifølgje Lundeberg er det tilnærma umogeleg for småprodusentar og ideelle kooperativ å delta i den internasjonale frihandelen.

– Ein del utviklingsland er viktige matprodusentar, men vi ser at det først og fremst er dei store landeeigarane og transnasjonale selskapa som deltek i den internasjonale handelen, og i liten grad småbønder og kooperativ, seier ho.

– Å kjøpa matvarer frå dei store aktørane handlar ikkje om utvikling, men snarare om å forsterka gapet mellom fattig og rik og bygga opp under jordkonfliktar i utviklingsland.

Difor stiller vi oss kritiske til Nyt Afrika-kampanjen, påpeikar Lundeberg.

– Med andre ord er det naivt å tru at ein kan redda verdas fattige med internasjonal frihandel. I staden for stadig å inngå fleire frihandelsavtalar saman med EFTA, bør Noreg inngå avtalar med kooperativ av småbønder i utviklingsland. Vi kan bidra til ei betre fordeling av matvarer ved å støtta eksisterande kooperativ og hjelpa til med å etablera nye, hevdar ho.


Nyt Afrika-kampanjen

Nyt Afrika er ein kampanje for ein rettferdig handelspolitikk og for fleire afrikanske kvalitetsvarer i norske butikkar, heiter det i kampanjens brosjyre.1 Ti norske miljø- og utviklingsorganisasjonar står bak denne kampanjen, mellom anna Kirkens Nødhjelp, Framtiden i våre hender, Verdens Naturfond (WWF), Grønn Hverdag, Fellesrådet for Afrika og Plan Norge.7,8 Nyt Afrika-kampanjen ønskjer at styresmaktene skal ta over og etablera Nyt Afrika som ei permanent merkeordning og reklamekampanje for afrikanske produkt. Kampanjen har skapt ein del debatt mellom desse og andre organisasjonar.9,10,11,12


Straffetoll på mat frå EU?

Lundeberg forklarer at så lenge EU subsidierar det eksportretta landbruket, vil det vera meir konkurransedyktig på pris enn produsentar i andre land.

– Noreg bør vurdera å innføra straffetoll på subsidierte varer frå EU, slik at andre eksportørar har høve til å konkurrera på den norske importmarknaden, føreslår ho.

– Berre gjennom målretta handel med kooperativ i utviklingsland kan vi utvikla vår mathandel i ein meir solidarisk retning. Kanskje kan samvirka i Noreg inngå kjøps- og distribusjonsavtaler med kooperativ i utviklingsland, eller kanskje kan offentlege instansar inngå avtaler med slike kooperativ, seier Lundeberg, og trekkjer fram eit anna viktig moment om råvareprisar.

– Skal matproduksjon og internasjonal handel fungera som ein veg ut av fattigdom, må internasjonale råvarepriser aukast og haldast meir stabile. Det viktigaste Noreg kan gjere landbrukspolitisk er sannsynlegvis å stå i spissen for etablering av nye internasjonale råvareavtaler som regulerer pris på sentrale matvarer. At matvarer har blitt kjelde for prisspekulasjon, er svært skadeleg både for matkonsumentar og for verdas bønder, seier ho.

Kilder:

1.  http://issuu.com/nytafrika/docs/kan_afrika_bli_verdens_matkurv_?mode=window&backgroundColor=%23222222

2.  http://www.viacampesina.org/en/

3.  Frivillig samanslutning av bønder i ein landsby eller ei gruppe av landsbyer.

4.  http://www.latin-amerikagruppene.no

5.  http://www.handelskampanjen.no

6.  http://landbruksalliansen.no

7.  http://www.framtiden.no/201209045753/aktuelt/mat/nyt-afrika.html

8.  http://www.kirkensnodhjelp.no/Engasjer-deg/gjor-en-forskjell/underskriftskampanjer/bli-med-pa-underskriftskampanjer/stopp-sulten/rettferdige-handelsregler/

9.  http://www.manifesttidsskrift.no/nyt-koloniane/

10.  http://www.manifesttidsskrift.no/styrk-bonders-posisjon-i-verdikjeden/

11.  http://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/norges-bondelag-kritiske-til-nyt-afrika-kampanjen-article71494-3805.html

12.  http://www.utviklingsfondet.no/nyheter/nyt-afrika-og-norge


Denne artikkelen handler om…



Kanskje du også vil lese…? 


Del gjerne med dine venner