Skip to main content

Minneord om Arnold Berstad (1940–2020)

Arnold – som dødde på nyttårsaftan – var eit varmt og godhjerta menneske. Han var samstundes ein nyfiken vitskapsmann som tenkte nytt og var trygg nok til å utmane den rette læra og gå nye vegar i medisinen. I ei tid då mange meinte at magesår var ein stress-sjukdom, gjorde han folk friske ved å slå ned infeksjonen som var årsaka. Hen berga liv då han som fyrstemann her til lands, transplanterte avføringsmikrobar frå friske folk til pasientar med livstruande diare (fekal transplantasjon). 

I oppveksten på ein vestlandsgard fekk Arnold med seg kunnskap om dyr, planter og røynsle frå praktisk gardsdrift. Han og eg – som hadde same oppveksten – snakka ofte om kor viktig denne røynsla var for vårt arbeid som vitskapsfolk. Vi snakka om kvifor det hadde seg slik at born i gardsmiljø, ikkje var mykje plaga av astma og allergi. Kva kunne grunnen vera? Kva kunne dei immunologiske, biokjemiske og mikrobiologiske mekanismane vera? Vi undrast på kvifor eit miljø rikt på mikroorganismar og det me kalla ”rein skit” var godt for immunsystemet, og jamvel kunne råda bot på sjukdomar knytt til livsstilen i bysamfunn. 

LES OGSÅ  Fredrik S. Heffermehl in memoriam

Samarbeidet med Arnold vart eit vitskapleg vendepunkt for meg, og mikrobiota i tarm og elles i kroppen var vår vitskaplege fellesnemnar. Diskusjonane med Arnold er noko av det mest givande eg har fått vera med på, og eg er glad for at eg fekk sagt han dette mange gonger, seinast like før han døydde. 

Arnold var raus med alle og mest av alt med pasientane sine. Eg har sjølv vore vitne til hans omsorg og innsats for pasientar med sjukdomar som skriv seg frå forstyrra mikrobiologiske tilhøve i tarmen. Det er mange av desse som er djupt takksame for det Arnold gjorde for dei. Det veit eg. 

Eg vart kjent med Arnold sin familie, kona Tove og sønene. Eg helsar dei alle i ei tid som tyngjer dei.

Berstads liv

Arnold Berstad vokste opp i Stryn på gården der han ble født. Han tok realartium i 1959 ved Firda Landsgymnas, studerte medisin ved Universitetet i Oslo (cand.med. i 1965) og ble dr.med. i 1971 på et arbeid ved Ullevål sykehus om fordøyelsesenzymet pepsin. 

Arnold Berstad har vært overlege i indremedisin på Lovisenberg Diakonale Sykehus i Oslo, gjesteforsker i USA, har ledet mage-/tarmavdelingen ved Haukeland universitetssjukehus og vært professor ved Universitet i Bergen. Der var han den drivende kraften bak utviklingen av mage-/tarmforskning til et internasjonalt tyngdepunkt og bidro til at det ble opprettet et kompetansesenter i gastroenterologi og funksjonelle mage- og tarmsykdommer. Han spilte også en sentral rolle i arbeidet med å etablere ernæringsstudiet ved Universitetet i Bergen fra 2004. 

Etter at Arnold Berstad i 2010 ble professor emeritus ved Universitetet i Bergen, var han seniorforsker ved Lovisenberg Diakonale Sykehus i Oslo, hvor han var med på å utvikle Unger-Vetlesens Institutt.

Han publiserte mer enn 400 vitenskapelige arbeider registrert i PubMed og veiledet titalls doktorgradskandidater. Berstad mottok en ærespris fra Scandinavian Journal of Gastroenterology, var medlem av European Gastro Club, av American Gastroenterology Association og æresmedlem i Norsk Gastroenterologisk Forening.

Som medlem av Helsemagasinets vitenskapelige råd var han en god støttespiller. 

Om artikkelforfatteren


Jan Raa (f. 1939) var førstelektor i cellebiologi ved Universitetet i Bergen i fire år før han var professor i mikrobiologi ved Universitetet i Tromsø 1972–1987. Han har (1988) vært leder for Fiskeridirektoratets ernæringsinstitutt (nå NIFES) i Bergen, forskningsdirektør (1989–94) ved Fiskeriforskning i Tromsø (nå NOFIMA), professor II i marin biokjemi og forskningsdirektør (1998–2006) i det børsnoterte selskapet Biotec Pharmacon ASA. Raa sitter i styret til Stiftelsen vitenskap og fornuft og i fagrådet til Helsemagasinet.

Denne artikkelen handler om…



Kanskje du også vil lese…? 


Del gjerne med dine venner