Skip to main content

Mjølkeautomat som politisk våpen

I Noreg er det framleis ikkje lov å selja upasteurisert konsummjølk, medan dette føregår i stor utstrekning i ei rekkje andre land i EU. No har økobonde Olav Dugstad og gründer Renate Lunde kasta seg inn i den politiske kampen og søkjer om løyve til å selja slik mjølk frå eigen mjølkeautomat.

Tekst og foto Johnny Laupsa-Borge    

– Eg er ein ”mjølkekriminell”, seier Renate Lunde med eit smil. ”Brotsverket” er at ho kjøper eit produkt det er ulovleg å selja regulært i Noreg, nemleg upasteurisert mjølk rett frå kua eller bondens mjølketank. Sidan 1951 har det i Noreg vore påbode å pasteurisera all konsummjølk for å auka haldbarheita og redusera risikoen for matborne sjukdomar. Samstundes har ei rekkje eldsjeler og organisasjonar kjempa for retten til å kunna kjøpa rå mjølk – av både kulturelle, kulinariske og helsemessige årsaker. Renate har det siste året engasjert seg i denne kampen, som bringa ho inn i fjøset og livet til Olav Dugstad, økologisk mjølkebonde på Voss.

Eg treff paret på garden ein solrik dag i april. Renate fortel at kampen for rå mjølk begynte i desember 2013 under ein lokal marknad for tradisjonsmat på Voss, kalla Snjaopû, eit dialektuttrykk som tyder kjapp eller rask.

– Det var ein kjapp marknad for sakte mat, inspirert av Terra Madre og Salone Del Gusto i Slow food-rørsla, seier ho. Der møtte Renate ein annan mataktivist, Martin Inderhaug, tidlegare student ved Det gastronomiske universitetet i Italia (UNISG), og så langt den einaste frå Noreg som har gjennomført dette internasjonale studiet i mat og matkultur.

– Han fortalde engasjert om kvalitetane til upasteurisert mjølk og om det enorme mangfaldet av produkt basert på rå mjølk i Italia og andre europeiske land. Det enda med at eg, som tidlegare reagerte på mjølk og dermed unngjekk dette i fleire år, reiste til garden på Dugstad og henta rå, økologisk mjølk rett frå tanken. Denne mjølka medførte ikkje hovne slimhinner og andre plager, slik som før, hevdar ho.

Mjølkeautomat nær garden

I starten blei godsakene servert av faren på garden, Knut Dugstad. Men ein vårdag i 2014 stod sonen, Olav, i mjølkerommet.

– Før vi knapt nok var blitt kjent, spurte eg rett ut om han ikkje skulle investera i ein mjølkeautomat på garden, slik det er mange av sørover i Europa, minnast Renate. Denne freidige oppmodinga leda til mange interessante diskusjonar i mjølkerommet når nye liter med mjølk skulle hentast, og samtalane tente etter kvart Olavs interesse for rå mjølk og mjølkeforedling.

– Dette felles engasjementet har no munna ut i ein søknad om dispensasjon til å setja opp ein mjølkeautomat ved ein lokal matbutikk nær garden. Denne kan forsyna ein lokal marknad med fersk, økologisk mjølk som ikkje er pasteurisert eller homogenisert, fortel Renate engasjert.

Søknaden skal sendast til Mattilsynet, og bak den står bøndene Olav Dugstad og Bente Getz saman med mataktivistane Renate Lunde og Martin Inderhaug.

Økologisk mjølk i konvensjonelt produkt

Søknaden om mjølkeautomat er dagsaktuelt av fleire årsaker. Ikkje berre vil den kunna forsyna – på lovleg vis – ein lokal marknad av ihuga kjøparar med fersk, rå mjølk. Den vil også gjera det mogeleg for Olav å selja produktet som økologisk mjølk. Det er ikkje tilfellet i dag. No blir mesteparten av økomjølka frå Dugstad til konvensjonell kvitost av typen Norvegia og seld til storhushald, medan resten inngår i det lokale produktet dravle. Tine hentar altså det økologiske råstoffet og forvandlar det til eit konvensjonelt produkt, slik det skjer med om lag halvparten av all økomjølk i Noreg.

LES OGSÅ  Hva om jeg ikke tåler melkeprodukter?

– Det gir inga god kjensle, medgir Olav, som håpar at mjølkeautomaten kan bli ei god løysing for både bonden og forbrukarane. Men vegen fram til godkjent søknad blir truleg lang. I Noreg er det framleis stor motstand i byråkratiet mot sal av rå konsummjølk, noko dei fekk erfara i fjor haust.

– I september 2014 deltok vi på eit møte om rå mjølk under Økouka i Oslo. Der hadde mellom anna representantar frå Mattilsynet og Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) innlegg. Det blei inga god oppleving, fortel Olav.

– Byråkratane fokuserte mest på ulike skrekkscenario av matborne sjukdomar forårsaka av potensielt farlege bakteriar. Dei snakka lite om eigenskapane ved rå mjølk og verka overraskande kunnskapslause om temaet. Dessutan blei det ei førestilling i nedverdigande maktarroganse som motiverte oss endå meir til å kjempa for denne saka, seier Renate oppgitt.

Overtok stafettpinnen frå Pascale

På same møtet heldt også ysteteknolog Pascale Baudonnel ein forsvarstale for rå mjølk. Ho har vore ei modig og engasjert talskvinne for upasteurisert mjølk i meir enn tjue år, og norske bønder og forbrukarar kan takka henne og organisasjonen Norsk Gardost, som ho var med og stifta, for at det i dag er lov å produsera og selja ost og andre foredla produkt av rå mjølk. Men framleis tillèt ikkje regelverket regulært sal av rå søtmjølk.

– Pascale sa på Økouka at no orkar ho ikkje å kjempa meir. Ho ville gje stafettpinnen vidare. Og vi tok den, seier Renate, som ønskjer å bruka nye verkemidlar i den politiske kampen, mellom anna å søkja om mjølkeautomat.

– Vi ønskjer primært å samarbeida med Mattilsynet, ikkje kjempa mot dei, understrekar ho. – Men når byråkratiet tek frå oss retten til å velja eit sunt og trygt matprodukt, kan vi ikkje anna enn å reagera. Vi lever tross alt i eit demokrati, og forbrukarane må få høve til å velja den mjølka dei helst vil ha, meiner ho.

Flytta til Italia, Frankrike eller England?

– Hadde eg budd i eit anna europeisk land, kunne eg ha sloppe å vera delaktig i svart og grå handel med mjølk. I EU er det nemleg lov å selje rå, ubehandla mjølk etter retningsliner som varierer mellom dei ulike landa, forklarer Renate, og spør retorisk om ho skal flytta til Italia.

– Der finst meir enn 1200 mjølkeautomatar lett tilgjengeleg for forbrukarane, og samstundes i kort avstand til mjølkeprodusenten. Italienarane kan velje mellom mjølk frå automatar som dagleg får påfyll av heilt fersk mjølk, eller å kjøpa nytappa mjølk i flasker på den lokale marknaden, fortel ho.

– Eller kanskje eg skal flytte til Frankrike og oppleva eit mattilsyn som ikkje krenker meg som ein ansvarleg, vaksen forbrukar, men som i staden arbeider for meg. I Frankrike har landets mattilsyn mellom anna avslått meieriindustriens press om å forby sal av rå mjølk, og gav klar beskjed om at forbrukarane kan ta ansvar sjølve og skal få høve til å velja mellom eit stort og mangfaldig utval matvarer, fortel ho vidare.

– Kanskje skulle eg busett meg i England. Der får bøndene ha mjølkeautomatsal på garden sin. Eller skal eg lære meg nederlandsk og få oppleve lovleg sal av rå mjølk, jogurt og kefir på marknader i Holland?, spør ho.

– Eg kunne også emigrert til Danmark, kor det ikkje er fullt så strengt som i Noreg. Danske bønder har lov å selja 70 liter rå mjølk i veka frå ”stalldøra”, men dette gjev ikkje mykje spelerom korkje for nyskapande verksemder i landbruket eller for å tilfredsstille bevisste forbrukarar og restauranteigarar. Der føregår same kampen som i Noreg, og nyleg vart det skrive om forbrukarar, bønder og kokkar som presser for å få tilgang til upasteurisert mjølk, fortel Renate, som poengterer at jo lenger nord i Europa ein kjem, desto strengare regelverk.

LES OGSÅ  Deilig vintermat uten melk og gluten

[gdlr_box_icon icon=»none» title=»Pasteurisering»]Pasteurisering er ein prosess der ein raskt varmar opp og deretter kjøler ned eit matråstoff for å redusera enzym- og bakterieinnhaldet og auka haldbarheita. Føremålet er først og fremst å ta knekken på uønskte eller sjukdomsframkallande organismar (delvis sterilisering). Dermed skil vanlig pasteurisering seg frå sterilisering, der ein drep alle mikrobar.

Pasteurisering av mjølk i Noreg føregår vanlegvis ved 71,7 °C i 15 sekund. Mjølk til mellom anna yoghurt blir utsett for ei sterkare varmebehandling (høgpasteurisering), til dømes 90 °C i 10 minuttar, og ultrapasteurisering  (UHT) føregår ved endå høgare temperaturar, til dømes138 °C i 2 sekund, noko som gir eit sterilt produkt.

På gardar som produserer ost eller andre surmjølksprodukt, er det vanleg å bruka rå mjølk eller pasteurisera mjølka ved 63 °C i 30 minuttar. Ein meir skånsam varmebehandling er termisering, som føregår ved 57–68 °C i 15 sekund.

Rå mjølk er per definisjon mjølk som ikkje har vore oppvarma til meir enn 40 °C eller blitt behandla på andre måtar med tilsvarande effekt. Dette må ikkje forvekslast med råmjølk, som er den proteinrike mjølka kua produserer dei første dagane etter kalving.[/gdlr_box_icon]

Eit risikabelt produkt?

– I sin iver etter å dokumentera kor skadeleg mjølka er om den ikkje blir pasteurisert og homogenisert hjå Tine eller Q-meieriet, har byråkratane leita etter matforgifting til og med i Afrika for å underbygga risikoargumenta sine. Dei konkluderer at det er høg risiko for smitte med listeriabakteriar. Paradoksalt nok er dei mest alvorlege tilfella av sjukdomsutbrot frå meieriprodukt i Noreg dei siste åra blitt spora til pasteuriserte ostar, hevdar ho.

– Eg skjønar at ubehandla mjølk er ei sensitiv ferskvare og kan vere berar av sjukdomsframkallande bakteriar om ikkje ei sikker hygieneline er på plass. Men pasteuriserte meieriprodukt er heller ikkje sikre mot matborne sjukdomsutbrot. Skal vi av den grunn forby pasteuriserte ostar og mjølk også? Kva med andre risikoråvarer, slik som egg, salat, spinat, nøtter, rå biff, kjøttdeig, røykelaks, kylling og oppdrettsfisk? Skal vi forby dei i same slengen? Slike matvarer kan også vera smitta med E. coli og Campylobacter-bakteriar og forårsaka magesjau. Og kva med helserisikoen ved inntak av Coca Cola og anna brus, tobakk og alkohol? Det er jo heilt urimeleg at upasteurisert mjølk frå godkjente produsentar skal handsamast som ei høgrisikovare samanlikna med desse, meiner den engasjerte mataktivisten.

[gdlr_box_icon icon=»none» title=»Bakgrunnen»]Pasteurisering har fått namnet sitt etter den franske kjemikaren Louis Pasteur (1822–95), som utvikla metoden i 1860-åra for å unngå at vin blei sur av uønskt ettergjæring. Det klarte han ved å varma opp vinen til 55 °C i kort tid. Det same prinsippet blei deretter brukt på øl og andre alkoholhaldige drikkevarer og seinare for å auka haldbarheita til mellom anna mjølk og juice.

Pasteurisering blei teke i bruk samstundes med at den industrielle revolusjonen bidrog til å konsentrera folk i større byar. I denne tidsepoken var det eit dramatisk skifte frå lokal matproduksjon til storskalaproduksjon for ein ekspanderande og meir fjern marknad. Då auka behovet for meir standardiserte produkt og råvarer som kunna transporterast over lengre avstandar og halda seg fleire dagar i butikkhyllene utan å syrna eller forderva.

Frå slutten av 1800-tallet byrja ei rekkje land å pasteurisera mjølk for å unngå storfetuberkulose og andre mjølkeborne infeksjonssjukdomar. I 1951 blei det obligatorisk  å pasteurisera all konsummjølk i Noreg, og dagens lovgiving seier at mjølk som skal seljast gjennom ordinære kanalar, først må varmebehandlast. Det betyr i praksis at mjølka skal varmast så mykje at den såkalla fosfatasetesten gir eit negativt resultat, det vil seia at mjølka ikkje lenger inneheld aktive fosfataseenzym, som mellom anna fremjar opptaket av kalsium. Ifølge mjølkeforskrifta kan det gjerast unntak for rå mjølk viss den blir selt frå gardar eller stølar til ein konsument for personleg forbruk, men berre så lenge salet ber preg av å vera tilfeldig. Forbodet i Noreg gjeld ikkje upasteuriserte surmjølks-produkt og ostar som blir seld av gardar, stølar eller ysteri med eiga godkjenning gitt Mattilsynet.[/gdlr_box_icon]

LES OGSÅ  Melkefett og fedme

Heller samarbeid enn forbod

– Helseaspektet er eit viktig argument for bevisste forbrukarar, og maten vi kjøper, skal vera trygg. Men i staden for ei forbodsline burde Mattilsynet og Helsedepartementet heller samarbeide med bøndene og ystarane om å skapa eit best mogeleg regelverk for produksjon og sal av rå mjølk til konsum, poengterer Renate, og viser igjen til Norsk Gardsost med Pascale Baudonnel i spissen, som for lenge sidan utarbeida eit forslag til slike retningsliner.

– Noreg har strenge krav innan landbruk og næringsmiddelindustri, og norske bønder er allereie van med å fylgja opp hygienekrav og ta bakterie-testar. Det hadde vore enkelt å vidareføra arbeidet til Norsk Gardsost og få på plass gode rammevilkår for eit trygt og lovleg sal av rå mjølk i Noreg, hevdar ho, og legg til at Oikos og Norges Bonde- og Småbrukarlag støttar saka.

Nisjeprodukt

Det minner ho om eit anna aspekt. – Norske bønder blir stadig færre, og fleire må satsa på nisjeproduksjon for å overleva. Når bevisste forbrukarar i større og større grad etterspør eit ulovleg produkt, og kokkar vil ha det til sine restaurantar, er det marknad for dei bøndene som ynskjer å skape seg ei nisje basert på rå mjølk, seier ho.

– I USA fraktar folk og organisasjonar rå mjølk ulovleg over statsgrenser, lagra på is, for å tilfredsstille etterspurnaden, og folk betalar gjerne 25 kr for literen. Ei av forkjemparane i USA, der rå mjølk er tillate å selja i nokre statar, sa: The government is not listening to what consumers are asking for. People are sick and tired of industrialised food.

– Eg kjenner meg att. Eg orkar ikkje industrimat og ønskjer å ta vare på helsa med matvarer av best mogeleg kvalitet. Og eg er faktisk i stand til å ta ansvarlege, kunnskapsbaserte val når eg handlar mat, seier tobarnsmora.

– Eg vil ha ubehandla mjølk som eg veit kvar kjem frå, og ikkje industrielt behandla mjølk frå kyr som er blitt fôra opp på stort sett soya frå Brasil, slår Renate fast, og håpar i det lengste at draumen om ein mjølkeautomat snart blir ein realitet. I mellomtida må forbrukarar som ønskjer å kjøpa rå mjølk på Voss, ty til sivil ulydnad.

[gdlr_box_icon icon=»none» title=»Renate og Olav»]Renate Lunde (40) er utdanna ved Universitetet i Bergen og har historie, samanliknande politikk og Midtausten- og Nordafrikakunnskap i fagkretsen. Etter kvart tok ho historie hovudfag (no mastergrad) med fokus på jenter og utdanning i Nord-Sudan rundt 1880–1950.

I 2005 begynte Renate som doktorgradsstipendiat i historie, der ho forskar på fattigdom, velferd og medisinhistorie i Egypt, med spesielt fokus på kvinner og barn i perioden 1890–1950. Ho ser også på forhold blant svært fattige i Kairo i dag. Den travle gründeren har i lengre tid hatt permisjon frå doktorgradsarbeidet for å via seg fullt ut til hennar eige verksemd, Vossabia.1

Olav Dugstad (32) har gått på Voss jordbruksskule, og arbeidde deretter i fire år som tømrar før han tok ein bachelor i plantevitskap ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås. Han er oppvaksen med økologisk gardsdrift, og er sjølv oppteken av å vidareføre denne driftsforma med sterkt fokus på dyrevelferd og bærekraftig drift av jorda.[/gdlr_box_icon]

Kilde:

1.  Laupsa-Borge J. Flittig ”bie” frå Voss med eit unikt velværekonsept. Helsemagasinet VOF 2013; 4(6): 22-8.


Denne artikkelen handler om…



Kanskje du også vil lese…? 


Del gjerne med dine venner