Støtt Helsemagasinet med en donasjon

Helsemagasinet utgis av Stiftelsen vitenskap og fornuft. Du kan bidra til at flere får tilgang til faglig baserte kunnskaper om hvordan du kan bedre din egen helse og folkehelsa generelt, og samfunnet bedre kan ivareta enkeltindividers behov for velferd, frihet, sikkerhet og identitet.
Stiftelsen trenger økonomisk støtte for på en best mulig måte kunne utføre slike oppgaver. Vi er takknemlige for ethvert bidrag eller donasjon uansett størrelse.

Stiftelsen vitenskap og fornuft
Bjerkelundsveien 8 B
1358 Jar

kr.
Personlig informasjon

Kredittkortinformasjon
Dette er en sikker SSL-kryptert betaling.

Totalt bidrag: kr. 20 One Time

Forside > Arkiv > 2017 > Mold, mat og helse

Mold, mat og helse

Tekst Dag Jørund Lønning    Foto Maia Lønning og Shutterstock

I den nyleg framlagde Jordboka. Det fantastiske universet under føtene våre syner eg korleis den nye kunnskapen om molda sine utrulege eigenskapar kan koma til radikalt å endra både landbrukspolitikk og matproduksjon.

I ein liten neve mold kan det finnast så mange som 1 trillion (1018) levande vesen. I eit gram matjord finnes kanskje fleire millionar ulike artar av mikroskopiske levande. Livet nede i molda er grunnlaget for alt liv oppå. Fotosyntese set det store livshjulet i gang. Bortimot halvparten av den karbon planten produserer gjennom denne prosessen, går ned i røtene. Der vert det nytta som bytemiddel mot ei hærskare av ørsmå hjelparar. Nokre skaffar næring til planten, andre kalk, mange vernar mot sjukdomar, andre hjelper til med kommunikasjon med andre plantar gjennom røtene. Ei anna gruppe fraktar bort vatn frå planterøtene når det blir for vått, medan atter andre hentar vatn når det blir for tørt. Nokre kjøler ned ved varme, andre varmar opp ved kulde. Osv. Kvar einaste plante ute i naturen er omgitt av eit slikt kolossalt hjelpeapparat.

Dei nyskaparar som no går i fronten for den omvelting eg i Jordboka kallar den nye grøne revolusjonen, er gjerne motiverte av følgjande, tilsynelatande ”banale”, spørsmål: Kvifor veks det noko i naturen i det heile? Menneske har jo ikkje pløgd der, ikkje kunstgjødsla der, ikkje sprøytt kjemikaliar der. Kvifor produserer menneske enorme øydeland (me har øydelagd nesten 40 prosent av verda si matjord dei siste 40 åra gjennom våre industrielle, monokulturelle produksjonsmåtar) medan naturen eksploderer av liv og vokster?

Korleis verkar eigentleg desse produktive kreftene i naturen? Kan me læra oss å spela på lag med dei, invitera dei inn i vår eigen åker?

Annonse:

I Jordboka skriv eg om Singing Frogs Farm i Nord-California. Frå si lokalisering i ein dalbotn med 6 månader med vekselvis frost og regn på vinteren og tilsvarande lang periode med tørke på sommaren, produserer dei grønsaker for 105 000 dollar per 4 mål (acre). Dei pløyer ikkje, sprøytar ikkje, brukar berre kompost som jorddekke, lukar ikkje ugras (det siste fordi dei ikkje får ugras). På eit småbruk på mindre enn 40 da (40 000 m2 eller 40 mål) har dei sju personar i fullt arbeid.

Løyndomen? Det handlar om å uroa molda så lite som mogleg (pløying er fy!) og å fø livet i molda, som deretter før plantane. Det er å leggja til rette for nyttegjerande dyr, insekt og fuglar og om størst mogleg mangfald i produksjonen. Kort sagt: Det handlar om aktivt å bruka naturen sine eigne produktive og skadeførebuande krefter.

Ei av verdas fremste ekspertar på moldbiologi, den amerikanske forskaren Elaine Ingham, hevdar at mold som blir forvalta på denne naturmåten, gir grønsaker og andre nytteplanter med 25 prosent høgare proteininnhald. Så her er det helsegevinstar i fleng både for den som dyrkar og den som et.

Det vesle me byrjar å forstå om den mektige verda under oss, vitnar om eit veldig potensial for ein matproduksjon som ikkje berre kan bli langt meir berekraftig, men også meir produktiv.


Om forfatteren

Dag Jørund Lønning (f. 1967) er utdanna dr.philos. i sosialantropologi og prosessfilosofi frå NMBU (2007). Han er professor og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling i Bryne. Lønning er bokaktuell med Jordboka. Det fantastiske universet under føtene våre (Forlaget Nyskaping, 2017), kan bestillast frå www.jordboka.no.

E-post: djl@hlb.no.

You may also like
Myseprotein
Bikarbonat
Kollagen
Jevninger

Legg igjen et svar

Bitnami