Støtt Helsemagasinet med en donasjon

Helsemagasinet utgis av Stiftelsen vitenskap og fornuft. Du kan bidra til at flere får tilgang til faglig baserte kunnskaper om hvordan du kan bedre din egen helse og folkehelsa generelt, og samfunnet bedre kan ivareta enkeltindividers behov for velferd, frihet, sikkerhet og identitet.
Stiftelsen trenger økonomisk støtte for på en best mulig måte kunne utføre slike oppgaver. Vi er takknemlige for ethvert bidrag eller donasjon uansett størrelse.

Stiftelsen vitenskap og fornuft
Bjerkelundsveien 8 B
1358 Jar

kr.
Personlig informasjon

Kredittkortinformasjon
Dette er en sikker SSL-kryptert betaling.

Totalt bidrag: kr. 20 One Time

Forside > Arkiv > 2010 > Om makt og motkulturell avmakt

Om makt og motkulturell avmakt

Nasjonalt informasjonssenter for alternativ behandling (NIFAB) offentleggjorde i 2007 ein rapport1 vedrørande det norske folk sin bruk av naturmedisin/alternativ behandling.  Undersøkinga vakte oppsikt, fordi bruken viste ei femdobling i løpet av 10 år. Tala viste at om lag 50% hadde brukt naturmedisin/alternativ behandling det siste året. Undersøkingar både i Sverige og Danmark viser den same tendensen, om enn med ein lågare prosent. Den siste meldinga frå Statistisk sentralbyrå stadfestar at tendensen er vedvarande.


Mine hjertesaker

I denne spalta slipper vi til representanter for ideelle organisasjoner som virkelig brenner for sine saker. John Petter Lindeland fra NNH mener at naturmedisinsk utdanning skal ha en kvalitet som gjør at utøverne godkjennes på linje med andre helsearbeidere.

Legitime spørsmål i denne samanhengen kunne vore: Når så mange menneske nyttar seg av tenester til ein bransje som har vore aktiv i Noreg sidan 1970-talet, kvifor har me ikkje makt/innverknad som står i samhøve med populariteten, og kvifor er me aldri nemnt i nasjonale helseplanar, den nye samhandlingsreforma og er stort sett fråverande i politiske partiprogram av ein viss storleik?

Sjølvransaking

Eg har i denne artikkelen ikkje tenkt å lansera tabloide svar på desse spørsmåla. Det ville vore lite klokt, og dessutan er ikkje verda svart/kvit. Freistinga til å koma med konspiratoriske idear kunne også vore underhaldande. Men som eg før har ytra, sviktar talentet mitt her. Eg har alltid meint at makt må møtast med motmakt og kunnskap fordi det er det einaste makta forstår. Sjølvsagt veit eg at dei som har makt og privilegium, byggjer nettverk og hyggjer seg både med god mat og drikke og legg strategiar for korleis dei skal konsolidera sine posisjonar for å oppnå endå meir makt og privilegium. Om dette er ein aldri så hard realitet, hjelper det vår bransje lite om me brukar dette som ein repeterande sutremelodi for å halda oss sjølv nede. Analysen av motstridande krefter skal ikkje vera naiv, men burde forvandlast til kreativ politikkutvikling. Det me treng framover, er ei sjølvransaking som ikkje einsidig tek utgangspunkt i ytre fiendebilete, men vender blikket innover mot oss sjølve.

Annonse:

Trollet med dei mange hovuda

Og kva er det som fyrst møter oss i denne indre blikkvendinga – eller for å bruka ein eventyrmetafor: Kven er det fyrste trollet som stig fram i syninga? Jo, det er trollet med dei mange hovuda og representant for alle dei mange undervisningsinstitusjonane, organisasjonane og ulike andre aktørar som anten er ein symbiose av eiga næring og organisasjon, eller til og med eiga næring, organisasjon og undervisningsinstitusjon. Eg veit sjølvsagt at smått kan vera godt og trygt. Det kan skapa varme identitetskjensler og eit overkommeleg overblikk som rett og slett gjer det hyggeleg. Det blir oss og dei andre. Men skapar ei slik oppsplitting og fragmentering makt og innverknad? Nei. Det einaste det skapar, er ei konsolidering av ein subkultur som har nok med seg sjølv. Og eg veit at mange ynskjer å vera der. Dei ynskjer eit mest mogleg sjølvregulerande felt med ei kvalitetsutvikling som ikkje rokkar ved dei posisjonane dei til no har tileigna seg. Min påstand blir derfor: Bransjen er splitta eller oppdelt i mange identitetar, noko som har si årsak i ulike skule- og organisasjonskulturar. Resultatet er minimale evner til å påverka politikkutvikling innan både eigen bransje og i helsevesenet elles. Dessutan utarmar ein slik tilstand seriøse organisasjonar for både menneskelege og økonomiske ressursar. Både undervisningsinstitusjonar og organisasjonar må avspegla eit nivå som tilsvarar det som skal til for å bli oppfatta som seriøse samtalepartnarar både overfor folk flest, forvaltning, politisk nivå og internasjonale aktørar.

Utdanning og kompetanseheving

Som bransje står me i skjeringspunktet mellom det folkelige opphavet som naturmedisinen er sprunge ut av, og vegen mot det offentlege rommet der kravet om kompetanse innan ulike felt blir påtrengjande. Ein kan lika dette eller ikkje, men vegen attende er stengt. Naturmedisin og alternativ behandling er kome for å bli. Spørsmålet er ikkje om feltet skal regulerast, men  korleis. Utdanning blir sentrale element framover. Nokre få deltakarar i ordskiftet om strategiar for ei slik kompetanseheving har kome med åtvaringar om at dette vil føra til ei akademisering av bransjen og dermed ei svekking av vår faglege og autonome sjølvidentitet, gjera studia meir teoretiske og tona ned den praktiske delen.

Eg meiner at me framover treng ei fokusering på både gode praktiske fagutdanningar og utdanningar som gjev akademisk kompetanse. Signal om at fagutdanning etter fagskulelova også kan koma til å gje studiepoeng, vil føra til ein betre fleksibilitet mellom akademia og det praktisk orienterte.

Kanskje den beste frukta av at det blir etablert utdanningar med høve til eit akademisk løp, er eit større fokus på sjølvrefleksjon. Dette vil gje vinstar ikkje berre for den einskilde, men for heile feltet. Og i sjølvrefleksjonen ligg spira til forsking og dokumentasjon.

Forsking og dokumentasjon 

Det gjennomgåande kravet frå alle politiske parti som i dag er representert på Stortinget, om auka bruk av naturmedisin og alternativ behandling i samhandling med det etablerte helsevesenet, omhandlar dokumentasjon og effekt. Sjølv om me i dag har fått etablert NAFKAM i Tromsø2 og det skjer mykje forsking verda over, er det naivt å tru at både omfanget og kvaliteten av forskinga innan feltet aukar om me ikkje klarar å få til ei større rekruttering frå eigne rekkjer, som både kan faga og har kjærleik og interesse for denne medisinske tradisjonen. Like naivt blir det å tru at dette er oppnåeleg om ein ikkje satsar på akademiske studium innan vår eigen tradisjon. Som nemnt tidlegare, treng ikkje dette vera nokon motsetnad til meir praktisk orienterte utdanningar, men kan heller vera kompletterande til kvarandre.

Jambyrdig motkulturell aktør 

Dersom naturmedisin og alternativ behandling skal bli ein motkulturell maktfaktor i samfunnet, må bransjen samlast i felles visjon og politikk. Den må også utvikla medvitne språklege strategiar, utdanningsmodellar og eit klart definert og truverdig vitskapeleg paradigme – som er i samsvar med felles identitetsforståing.

Parlamentarisk leiar og nestleiar i SV, Bård Vegard Solhjell, ropar i Aftenposten3 laurdag den 26. juni i år at me treng ein helserevolusjon. Intervjuet hadde klasseskilje i helsevesenet og førebygging av sjukdom som hovudtema. Me har ropa tilbake at me er her, og at bort i mot 50 prosent av det norske folket brukar oss. Det einaste me førebels har høyrt, er ekkoet av vårt eige rop. Er ei slik togn sjølvfortent, eller er det utslag av politisk maktarroganse? Kanskje begge delar. Uansett om dette speglar vår avmakt no, treng det ikkje vera slik framover om me gjer dei rette vala.


Om forfatteren

John Petter Lindeland (f. 1955) har er leiar av Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon og nestleiar i Saborg. Praktiserer på full tid homøopati og soneterapi.

Kjelder:

1.  www.nifab.no/aktuelt/nifab/halve_norge_bruker_alternativ_behandling

2.  www.nafkam.no.

3.  Vi trenger revolusjon. Aftenposten Nyheter 26.06.2010: 8.

You may also like
Jevninger
Frankrike forbyr mobiltelefoner på skolen
Trådløse nettverk? Ikke i skoler og barne- hager på Kypros
Oppdatering om stråling fra andre land

Legg igjen et svar