Skip to main content

Optima pH: Gjer livet surt for skadelege bakteriar

Veterinær Magne Skjervheim har utvikla ein serie produkt som pleier huda etter økologiske prinsipp og motverkar hudplager. Stadig fleire legar og andre fagfolk har fått augo opp for dei spesielle hudpleiemidla og det Skjervheim kallar Optimakonseptet.

Tekst Johnny Laupsa-Borge     Foto Johnny Laupsa-Borge og Optima Produkter AS

Filosofien bak dette konseptet samanfattar Skjervheim med eit sitat som skal stamma frå legekunstens far, Hippokrates: ”Naturen skal berre hjelpast for at hennar eiga kraft skal verka”.

– Optimakonseptet angrip årsakene til at hudproblem oppstår. Prinsippet er å bruka organiske syrer som gir låg pH. Det hemmar dei sjukdomsframkallande bakteriane og favoriserer den gode floraen. Dessutan inneheld produkta andre naturlege stoff som har gunstig effekt på hud og slimhinner. Dermed forsterkar vi hudas forsvarsevne og kan redusera bruken av desinfeksjonsmiddel, antibiotika og kortison, seier han. Gjennom ulike forsøk har veterinæren dokumentert at hudpleiemidla verkar positivt på bakteriefloraen og reduserer eller lækjer ulike hudplager.

[gdlr_box_icon icon=»none» title=»Optima Produkter AS»]Fabrikkutsal: Gamle Dalaveg 86, 5600 Norheimsund
Tlf.: 56 56 46 10.
Mobil: 918 17 432.
E-post: optimaph@kvamnet.no
Nettside og nettbutikk: www.optima-ph.no[/gdlr_box_icon]

Organiske syrer

Produktserien kallast Optima pH, som står for optimal pH (surleik), og inkluderer middel for både folk og dyr. Til menneske tilbyr dei mellom anna hudvask, hudpleie, sjampo, deodorant, munnspray og mageregulator, medan til dyr kan ein kjøpa hudvask, hudspray, øyrerens, spenespray og mageregulator. Det er også utvikla produkt for reinhald av hus og utstyr.

– Produkta inneheld ingen ureinande stoff og har dermed ein god miljøprofil. Alle ingrediensane i hudpleiemidla er godkjente til bruk i mat, understrekar han. Optima pH inneheld fleire organiske syrer. Den viktigaste er eddiksyre, og difor har produkta ei svak, naturleg lukt av eddik.

– Eddiksyre er kjent for sine antibakterielle eigenskapar og positive effektar på hud og hår. Heilt sidan oldtida har vineddik vore brukt i matlaging og som ein viktig ingrediens i ulike kroppspleiemiddel, fortel Skjervheim. Andre organiske syrer i hudpleieprodukta skal forsterka eddiksyras positive eigenskapar og hemma veksten av sopp.

[gdlr_box_icon icon=»none» title=»Dagleg leiar Ingunn Bjørke»]Ingunn Bjørke har vore dagleg leiar i Optima pH Produkter AS frå april 2011. Ho har vore med heilt frå starten av verksemda. Bjørke er utdanna næringsmiddelteknolog frå Statens næringsmiddeltekniske skule, der ho var ferdig i 1986. Deretter arbeidde ho 11 år på Haugesund meieri før familien flytta tilbake til Hardanger i 1997.[/gdlr_box_icon]

Naturlege ingrediensar

Andre viktige råstoff er glyserol og alginat. Glyserol er ei fargelaus, tjuktflytande væske med søt smak. – Stoffet held på fukta og er såleis viktig for å bevara ei mjuk og elastisk hud. Produkta inneheld ikkje feitt fordi det kan forstyrra hudas eigen feittproduksjon, forklarer han.

LES OGSÅ  Onde ånder, besatte personer og spredning av smitte

Alginat er eit gelédannande karbohydrat (polysakkarid) som blir utvunne frå tang og tare. – Stoffet hindrar uttørking av hud og slimhinner, absorberer sårsekret og stimulerer det uspesifikke immunsystemet, fortel veterinæren. Dette stoffet blir også brukt i spesialbandasjar til sårlæking.

– Enkelte liker ikkje lukta av eddik. For å dempa dette har vi tilsett naturleg aroma i form av sitronolje og stikkelsbæressens. Sitronolja stammar frå sitron utan skal for å unngå allergen frå sitronskalet. Produkta er ikkje parfymerte fordi ein del reagerer på slike stoff. Effekt er viktigare enn lukt! seier han bestemt. Alle produkta har ein grønfarge, og dei inneheld ingen miljøgifter eller hormonforstyrrarar, slik som siloksan, triklosan eller paraben.

Skjervheim fortel at hudvaskprodukta kan brukast både som såpe og sjampo ved dusjing, til barbering, intimvask, handvask og fotvask eller -bad. – Hudvaskmidla inneheld berre halv mengde tensid, det vil seia vaskestoff, samanlikna med mange andre produkt. Resten er hudpleiestoff. Dermed tørkar ikkje huda ut ved hyppig vasking og dusjing, hevder han. Litt vaskestoff er nødvendig for å redusera overflatespenninga i huda, slik at det er lettare å bli rein. Etter vask kan ein ta på hudpleie etter behov.

[gdlr_box_icon icon=»none» title=»Historia bak Optimakonseptet»]Som så mykje anna vinn vi ny innsikt gjennom erfaringar med dyr. Optimakonseptet er ikkje noko unntak. Historia begynte i 1984 då ein fiskar i Austevoll lanserte eit nytt fôr til gris basert på oppmale kolmule (fiskeart) tilsett maursyre. Magne Skjervheim arbeidde då som veterinær i det lokale Næringsmiddeltilsynet (no Mattilsynet). Det nye fôret gjorde at grisekjøtet lukta fisk, og dermed måtte dei slutta med den aktuelle blandinga. Forsøket var likevel ikkje heilt bortkasta, og dei hausta ein del nyttige erfaringar. Mellom anna rapporterte ein grisebonde at han aldri hadde vore borti maken til fôr når det gjeld å halda magen i orden på grisane. Magne meinte at det truleg skuldast maursyra. Dermed gjekk han i gong med eit nytt forsøk. Han lagde blandingar av vatn, kraftfôr, maursyre og grisegjødsel for å sjå kor mykje organisk syre som skulle til for å drepa uheldige bakteriar i blandinga. Etter kvart kom han fram til ein aktuell resept.

Dyra som fekk fôr med organisk syre, voks mykje raskare og fekk ikkje diaré, noko som var vanleg hjå gris som blei fôra for fullt med vanleg kraftfôr. Nyhenda spreidde seg, men først etter ni år fekk Skjervheim fagleg gjennomslag for prinsippet.

I 1990-åra kom så dei første fôringsforsøka som viste at hans fôrblanding hadde effekt, og i dag blir nesten alt kraftfôr til gris tilsett maursyre eller eit maursyresalt. Doseringa som Skjervheim fann allereie i 1985, har seinare vist seg å vera den rette. Resultatet er betre tilvekst hjå dyra, mindre sjukdom i mage- og tarmsystemet, redusert bruk av antibiotika og betre økonomi for bonden.

Dette var samstundes starten på arbeidet med å utvikla Optimakonseptet. Skjervheim lærte av denne historia kva betyding organiske syrer og den naturlege mikrofloraen har, ikkje berre når det gjeld husdyrfôr, men også for hud og slimhinner. Han begynte så smått å prøva organiske syrer mot ulike bakteriar og utvikla produkt basert på denne kunnskapen. Etter kvart fann han at effektive hudpleieprodukt skal ha ein pH-verdi på rundt 4.

LES OGSÅ  Jord er godt for barn

Arbeidet verka lovande, og han såg meir og meir potensialet i produkta. Spenespray til mjølekyr var det første middelet han utvikla. Så kom hudspray for dyr, særleg med tanke på hudproblem hjå hund. Deretter utvikla han hudpleie til menneske før han begynte å tenka på hudvenlege vaskemiddel. Skjervheim arbeidde i tre år med hudvasken før han lukkast. I åras løp har firmaet lansert ei rekkje nye produkt, mellom anna ein mageregulator, munnspray, deodorant og vaskemiddel for næringsmiddelindustri og privathus.[/gdlr_box_icon]

Mot tørr hud, sår og eksem

– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar ved ulike hudplager som kløe, flass, eksem og psoriasis. Produkta har også god effekt ved solforbrenning, skrubb-, overflate- og brannsår, hevdar veterinæren. Sjølv fikk han eit alvorleg brannsår som grodde raskt etter behandling med Optima pH Hudspray.

– Bakterien Staphylococcus aureus er vanleg i samband med hudproblem, og den trivst godt i sår. Prøver eg tok frå brannsåret viste at talet på S. aureus blei kraftig redusert for kvar dag, og bakterien var heilt borte etter 8–9 dagar med bruk av hudsprayen, fortel han.

– Hud som er fri for sår og sprekkar, er mindre eigna til å overføra smitte enn hud med slike problem. Ein god og sikker handhygiene krev at ein får kontroll med hudkvaliteten på hendene. Dette er mellom anna prøvd ut ved næringsmiddelverksemder. Til dømes var ein slaktar så plaga med hendene at han ikkje kunne stå i vanleg arbeid. Ved å bruka hudvask og hudpleie frå Optima bedra symptoma seg på kort tid, og han kom raskt tilbake i vanleg arbeid, fortel veterinæren.

Skjervheim nemner også ein bonde som hadde så store plager med hendene at han vurderte å slutta med gardsdrifta. Problemet var oppsprekking av hud med blødingar og infeksjonar. Tilstanden var svært smertefull. Behandling hjå lege og hudlege over lang tid hjelpte ikkje. Då bonden begynte å bruka Optima-produkta, blei plagene raskt borte.

– Ein mann hadde eit leggsår som var ca. 10 cm i diameter. Slik hadde det vore i 6 månader. Han var under behandling hjå hudlege, men det var ingen teikn til at såret ville gro. Då begynte han å påføra Optima pH Hudpleie hyppig kvar dag. Etter to veker var såret halvert, og etter ei ny veke var det heilt borte, seier Skjervheim, og forklarer det med at låg pH og innhaldet av organiske syrer styrer bakterieveksten i riktig retning. Den gunstige, syretolerante normalfloraen overlever, medan problembakteriar som S. aureus og Pseudomonas-artar etter kvart vil forsvinna. Låg pH i såret reduserer også proteaseaktiviteten (sjå eigen sak om dette), stimulerer aktiviteten i bindevevsceller (fibroblastaktivitet) og aukar tilgangen på oksygen. Dermed gror sår raskare.

– Mødrer fortel også at midla verkar godt mot bleieutslett og sopp eller sveitteutslett i hudfoldar, og her i kommunen blir produkta anbefalt av legar og anna helsepersonell. Ved sårklinikken på Stord sjukehus testar dei no produkta til behandling av sår og har så langt gitt gode tilbakemeldingar. I tillegg til helsesektoren, næringsmiddelindustrien og landbruket har også fleire frå restaurantbransjen, barnehagar og skular meldt si interesse, avsluttar Magne Skjervheim.

LES OGSÅ  Hvorfor lukter svette bein og sure sokker så vondt?

[gdlr_box_icon icon=»none» title=»Hudlege med positive erfaringar»]Hudlege Erlend Tolaas (46) i Bergen gir Optima pH god attest. – Generelt dusjar folk i dag for ofte og lenge. Kombinasjonen av såpe, sjampo og varmt vatn avfeittar huda, som då lett blir tørr og kløande. Den normale hudbakteriefloraen kjem lett i ubalanse. Mi erfaring er at Optima pH-serien vaskar hud og hår på ein skånsam måte, og serien kan i utgangspunktet anbefalast til alle. Eg har gode erfaringar med produkta hjå personar med ulike typar eksem, til dømes atopisk eksem. Fleire pasientar med kronisk hårsekkbetennelse (follikullitt) rapporterer betring. Som hudlege likar eg at produkta har få og trygge ingrediensar, og er rimelege, seier Tolaas, som påpeikar at det er ønskjeleg at produkta blir studert meir systematisk på landets hudavdelingar. Erlend Tolaas driv i dag klinikken Hudlegen på Nesttun (www.hudlegenesttun.no), men i byrjinga av juni flyttar han praksisen og opnar Åsane hudlegeklinikk.[/gdlr_box_icon]

[gdlr_box_icon icon=»none» title=»Optima pH»]Optima pH står for optimal pH (surleik).

Produkt for menneske:
Optima pH Deodorant, Optima pH Hudvask, Optima pH Hudvask Pluss, Optima pH Hudbalsam, Optima pH Hudpleie Pluss, Optima pH Sjampo, Optima pH Munnspray, Optima pH Mageregulator

Produkt for dyr:
Optima pH Hudvask for dyr, Optima pH Hudspray for dyr, Optima pH Øyrerens, Optima pH Forhudrens, Optima pH Spenevask, Optima pH Spenespray, Optima pH Mageregulator for dyr, Optima pH Gel

Produkt til reinhald:
Optima pH Universalvask pH 4, Optima pH Organiske syrer pH 3,3

Innhald:
Produkta inneheld stort sett dei same råstoffa i varierande mengder tilpassa dei ulike bruksområda.
Hudvaskprodukt: Tensid (vaskestoffer), organiske syrer, alginat, glyserol, aroma, farge og vatn.
Hudpleieprodukt: Organiske syrer, alginat, glyserol, aroma, farge og vatn.

Handvask:
1. Ta på Optima pH Hudvask/Hudvask Pluss.
2. Gni dette godt inn i hendene.
3. Skyl med vatn etter 5–10 sekund.
4 Tørk hendene.
5. Ta på Optima pH Hudbalsam etter behov.

Haldbarheit:
Produkta har særs god haldbarheit i romtemperatur.

Sal:
Nettbutikk på www.optima-ph.no
Oppdatert forhandlarliste finst på nettsida[/gdlr_box_icon]

Kjelder:

1.  Rushton I. Understanding the role of proteases and pH in wound healing. Nursing Standard 2007; 21: 68-72. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/17479791

2.  Greener B, Hughes AA, Bannister NP et al. Proteases and pH in chronic wounds. Journal of W.C. 2005; 14: 59-61. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/15739652

3.  Yosipovitch G, Hu J. The importance of skin pH. Skin & aging 2003; 11: 88-93.

4.  Cork MJ, Robinson DA, Vasilopoulos Y mfl. New perspectives on epidermal barrier dysfunction in atopic dermatitis: Gene-environment interactions. Journal of Allergy and Clinical Immunology 2006; 118: 3-21. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/16815133


Denne artikkelen handler om…



Kanskje du også vil lese…? 


Del gjerne med dine venner