Skip to main content

Robotlandbruk

I Aftenposten 9. mars skriv journalist Kjetil B. Alstadheim (f. 1968) om at framtida i landbruket er robotisering.2 Mjølkeroboten har forenkla arbeidsdagen for mange. Kanskje kan vi få robotar til å plukke jordbærene for oss. Men utfordringane i jordbruket blir ikkje løyst berre med robotar og mer effektiv drift.

Tekst Hallvard Helland

  OBS: Denne artikkelen er eldre enn 2 år. Informasjon kan være utdatert.

Matpolitikk
Denne spalten presenterer klare meninger om norsk mat- og landbrukspolitikk. Her kommer et bidrag av Hallvard Helland i Lom Bonde- og småbrukarlag.
Dette er en lett redigert versjon av en artikkel publisert i Aftenposten.1

Før var det rekna som mykje om ein gard leverte 100 tonn mjølk i året. Nå blir 200 tonn rekna som minimum. Ein robot er dyr både å kjøpe og drifte, men den arbeider 24/7. Både den og kua bør produsere mest mogleg mjølk heile året. Ei ku kan produsere 4–5 tonn mjølk i året utan eller med lite kraftfôr. Når den helst skal opp mot 10 tonn, er omlag 45 prosent av fôrrasjonen kraftfôr. Det meste er norskprodusert råstoff, noko er import.

Norge disponerer i dag eit areal i utlandet tilsvarande cirka 25 prosent av dyrka mark innanlands til soyaproduksjon. Halvparten går til dyrefôr, mest til laks. Desse områda vil gje mindre avling framover grunna utarming av jordsmonnet og klimaendringar. Samstundes er det antatt at vi må auke global matproduksjon med 60 prosent dei neste 30 åra for å brødfø ei aukande befolkning. Vil da eksport til nordmenn som ønskjer billig mat og dyre feriar, ha første prioritet? Er det robust og framtidsretta, når vi i tillegg er i ferd med å utarme det største matfatet vårt, havet? Eg meiner nei.


Dei fleste bønder leiger nå jord. Låge marginar og større lån må kompenserast med auka volum. Det inneber større og meir effektive maskiner for å nå over større areal på same tid. Tyngre utstyr gir meir jordpakking. Pakka jord er som ein samanpressa svamp, den er dårlegare både til å suge opp og halde på vatn. Det gir mindre avling i ei tid der vi må rekne med meir ekstremver. Gjelda på norske gardar er firedobla siste 20 åra, men vil du vera med, så heng på.

helseogkropp.no - pulsetto vagusnervestimulator

Alstadheim beskriv grøntproduksjonen som ei suksesshistorie fordi den langt på veg konkurrerer med import til tross for lågt importvern. Imidlertid får produsentane stadig mindre betalt og har i aukande grad korte og uforutsigbare kontraktar. Også her må det kompenserast med volum, mekanisering og investering. Jordbær blir sprøyta seks gongar før vi et dei, poteter fire. Meir sprøyting gir færre pollinerande insekt. Skal vi likevel gå vidare mot industrilandbruk og store monokulturar og satse på at forskinga på dronebier til pollineringa blir ein suksess?

LES OGSÅ  Kan klorpyrifos bidra til fedme?

Vi brukar 11 prosent av inntekta på mat, 25 prosent på hus og 20 prosent på transport og reiser. Vi har totalt 440 000 hytter, er i verdstoppen på kjøp og kast av elektronikk, klede og mat. Nordmenn kastar i snitt 22 kg klede kvart år. Det er 12 kg rein bomull. Berre det krev eit areal tilsvarande 14 prosent av norsk dyrka mark og gir CO2-utslepp tilsvarande 190 000 bilar.

Vi kan og må satse på auka sjølvforsyning, og vi har råd til å betale litt meir for at fleire produserer litt mindre mat, men meir til saman. Det er ei betre investering i framtida enn ny TV på hytta og gir redusert belastning på natur og klima både heime og i andre verdsdelar på kjøpet.

Om artikkelforfatteren

Hallvard Helland (f. 1972) utdanna skogbrukskandidat (cand. agric.) frå Norges Landbrukshøgskole (1997) og har 15 års erfaring med manuelt skogsarbeid og trefelling. Han har arbeidd i fleire år med bioenergi, særleg mindre anlegg som gardsvarmeanlegg og mindre varmesalanlegg og er dagleg leiar i Lom Biovarme og Skjåk Biovarme. Helland er leiar i Lom Bonde- og småbrukarlag. 
E-post post@skogdrift.no

Kjelder:

1 Helland H. Vi har råd til å betale meir for mat. Aftenposten 27.5.2021. https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/jBRr50/nordmenn-er-i-verdstoppen-paa-kjoep-og-kast-vi-har-raad-til-aa-betale-mei

2 Alstadheim KB. Fremtiden er ikke Gråtass. Den er Roboplukk. Aftenposten 9.3.2021. https://www.aftenposten.no/meninger/kommentar/i/EpzRK5/fremtiden-er-ikke-graatass-den-er-roboplukk


Denne artikkelen handler om…



Kanskje du også vil lese…?