Forside > Arkiv > 2016 > Spenningshovudverk: Frå langtidssjukemeldt til arbeid

Spenningshovudverk: Frå langtidssjukemeldt til arbeid


Naturlig helbredelse

I denne spalta får ulike terapeuter ordet for å fortelle om resultater fra deres praksis. Denne gangen slipper vi til naturterapeut John Petter Lindeland ved Nøtterøy Naturmedisinske Center, Nøtterøy kommune, Vestfold.

Pasienten er ein mann – 55 år – og handtverkar. Hovudverken starta gradvis mot slutten av 2011, litt til og frå, men auka på i intensitet. Han hadde smerte då mest anna kvar dag. Pasienten fekk våren 2013 ein blodpropp i hjernen og byrja å bli lam i eine sida av kroppen. Mannen fekk rask behandling på sjukehuset og er i dag ikkje plaga med symptom relatert til denne episoden. Han har sidan gått på Albyl E. Hovudverken endra seg ikkje noko vesentleg etter blodproppen – same intensitet og intervall.

Oktober 2014 blei han 100 prosent sjukemeldt. Han beskriv hovudverken som invalidiserande: han kan ikkje planleggja noko, fordi han aldri veit når tid smertene kjem. Smertene kan koma brått, og han må av og til stoppa bilen når han er ute og køyrer på grunn av intense og grufulle smerter.

MR av hjerne gav ikkje noko funn. Ultralyd viste litt feittlever, men gjev ikkje utslag på blodprøver i høve levertilstand. Han har gått jamleg til sin fastlege og fått resept på smertestillande – som han brukar ved behov. Har fått ein uspesifikk diagnose – blir omtala som ”spenningshodepine”. Før han byrja behandling hjå meg, fekk han resept på epilepsimedisinen Neurontin, som også kan ha effekt ved nervesmerter. Han valte imidlertid å venta.

Mannen hadde sprengjande smerter som byrjar midt i panna og går ned i kinna på begge sider. Som regel kjem det brått. Om han får det midt på natta, varer det som regel heile dagen. Dersom han får det om dagen, går det som regel raskare over om han får tatt Paralgin forte. På det verste kaster han opp. Han blir verre av rørsle generelt, lyd/støy og vridning av hovudet.

Annonse:

Mannen starta fyrste behandling 12. februar 2014 – soneterapi. Seks dagar seinare var han litt betre – bortsett frå dei to siste dagane – og hadde intense smerter. Eg valte å ordinera eit homøopatisk middel (Kali carbonicum) i tillegg til soneterapi. Den 25. februar hadde han vore fin i fem dagar, men var litt tung i hovudet denne dagen. Femte mars hadde pasienten ikkje vore så bra på 2,5 år – heilt symptomfri. Han var også bra 19. mars, og 9. april byrja han i arbeid 30 prosent. Mannen hadde tendens til vondt i hovudet fyrste dagen – elles ok. Den 7. mai byrja han i arbeid 60 prosent. På konsultasjonen 16. juli var han framleis symptomfri og skulle gå opp til 100 prosent jobb.

21. desember 2015 byrja imidlertid symptoma å koma litt tilbake. Han fekk soneterapibehandling fram mot 3. mars 2016. Det var ikkje nødvendig med sjukemelding. Det blei også ordinert eit anna homøopatisk middel – Phosphorus – ettersom symptoma hadde endra seg litt. Mannen blei gradvis betre att og reiste til utlandet på ferie i ein månad. Han gav tilbakemelding då han kom heim og var då symptomfri.

Ein pasient sa: ”Eg hadde aldri oppsøkt naturmedisin eller alternativ behandling om ikkje fastlegen min hadde føreslått at eg skulle prøva.” Denne utsegna seier meg kanskje noko om kva potensial naturmedisin/alternativ behandling har – og at altfor mange ikkje får høve til å gjera seg nytte av slik behandling av ulike årsaker.

Ein rapport frå SINTEF slår fast at ”Næringslivet anslår at en ukes sykefravær i gjennomsnitt koster bedriftene 13 000 kroner i tapt produksjon og økte kostnader”.


Om artikkelforfatteren

John Petter Lindeland (f. 1955) har utdanning frå Naturheilschule, Arcanum, Arnt Folkmann og vidareutdanning i homøopati i Tyskland. Han har også landbruksutdanning og har arbeidd nokre år innan offentleg landbruksforvaltning. Lindeland har vore knyta til Nøtterøy Naturmedisinske Center sidan 1987, hovudsakleg med soneterapi og homøopati som terapeutiske verktøy. Han har også vore leiar av Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) sidan 2005.

You may also like
Frankrike forbyr mobiltelefoner på skolen
Trådløse nettverk? Ikke i skoler og barne- hager på Kypros
Når virkeligheten overgår våre villeste fantasier
Epikrise fra en uavklart borreliosepasient

Legg igjen et svar