Kvalitetsvarer // Fri frakt over kr. 1200,- // Rask levering på lagerførte varer

Naturleg hudpleie med organiske syrer

Viss du er plaga av tørr hud, flass, sår som ikkje vil gro, eksem eller andre hudplager, bør du velja ei mild såpe og gode hudpleieprodukt som tek vare på hudas syrlege miljø og naturlege bakterieflora, seier veterinær Magne Skjervheim, som også har utvikla ein eigen hudpleieserie.

Tekst Johnny Laupsa-Borge     Foto Johnny Laupsa-Borge og Optima Produkter AS

Hud og slimhinner er vårt første vern mot skadelige mikrobar. Her lever eit mangfald av små organismar som dannar eit komplekst økosystem. Mellom disse finn vi dei gode bakteriane som vernar oss mot sjukdom ved at dei produserer organiske syrer og andre stoff som tek knekken på skadelege mikrobar. Dei organiske syrene senkar hudas pH-verdi (surleiksgrad) og skapar dermed eit miljø som favoriserer den naturlege, sunne bakteriefloraen.

Høg pH gir hudproblem

Veterinær og gründer Magne Skjervheim har i mange år vore oppteken av økologi og mikroorganismane si betydning for helsa til folk og fe. Han er skeptisk til mykje av det kosmetikkindustrien byr fram, og ber oss å unngå såper og vaskemiddel som er basiske eller desinfiserande og eventuelt merka ”antibakteriell”.

– Mikroorganismane er grunnlaget for alt liv, og dei fleste er nyttige når dei opptrer i eit balansert samspel. Viss vi bruker kjemikaliar som forstyrrar den naturlege bakteriefloraen, vil det bana vegen for skadelege mikrobar og auka risikoen for infeksjonar og ulike hudplager, seier Skjervheim.

Annonse:

– Legar, veterinærar og andre i helsesektoren er opplærde til å kjempa mot mikrobar med antibiotika og desinfeksjonsmiddel, nærast utan motførestillingar. Det fører galt av stad. Den gode normalfloraen stabiliserer miljøet og er viktig for sunn hud og slimhinner, fruktbar jord, trygg mat og eit godt innemiljø, understrekar han.

– Hud i balanse har ein solid normalflora, låg pH på grunn av organiske syrer og rikeleg med feittstoff. Dette er hudas eigne forsvarsmekanismar mot infeksjonar. I moderne tid har vi ikkje teke nok omsyn til desse prinsippa. God hygiene er sjølvsagt viktig, men hyppig vask med vanlege såper fører til tørr hud som kan sprekka. Det er ofte starten på eit hudproblem, hevdar veterinæren, og påpeikar at alle produkt til bruk på hud har ein bestemt pH-verdi. Denne verdien er heilt avgjerande for om produktet er skadeleg eller til nytte.

– Vi bruker mange hudvaskprodukt med høg pH fordi dei har god vaskeeffekt og hemmar eller drep bakteriar. Dessverre går det mest ut over den gode normalfloraen, som trivst best ved låg pH. Det forstyrrar hudas økosystem og gjer oss meir sårbare for sjukdomsframkallande bakteriar og sopp, forklarer Skjervheim.

Unngå grønsåpe

– Grønsåpe er eit typisk døme. Både legar og veterinærar har i generasjonar anbefalt dette til hudvask, fotbad, sårbehandling og andre føremål, og enno brukar norsk helsevesen grønsåpe. Men det er få som har stilt spørsmål ved den reelle effekten, og dokumentasjon finst ikkje, seier han.

Grønsåpe inneheld umetta feittsyrer, inntil 0,5 % lut (kaliumhydroksid, KOH) og 2–3 % glyserol. – I tilrådd utblanding har grønsåpe så høg pH som ca. 10, noko som er svært basisk. Ein gamal regel seier at grønsåpebad ikkje må vara lenger enn 10–15 minutt, og at ein må skylja godt etterpå. Det fortell vel det meste om grønsåpe og hud! påpeikar veterinæren, og legg til at norske apotek omset grønsåpe til medisinske føremål, men etter det han kjenner til, har så godt som alle fotterapeutar slutta med dette til fotbad.

I ein del år har Skjervheim vore medlem i Norsk interessefaggruppe for sårheling. – I retningslinjene for sårheling frå denne faggruppa blir grønsåpe omtalt slik: «Grønnsåpe er svært alkalisk og skal derfor ikke brukes». Også Helsetenesta for svin tilrådde før å vaske sår med grønsåpe, men i bladet Svin 7/2012 gjekk dei frå denne tilrådinga, fortel han.

Tre viktige årsaker

I mange år har Skjervheim vore klar over at for høg pH er ein vesentleg faktor når hudsjukdomar oppstår og sår ikkje gror. – Lenge visste eg om to viktige årsaker til dette. For det første vil basiske såper fjerna det beskyttande feittlaget i huda. For det andre vil høg pH favorisera vekst av sopp og skadelege bakteriar som ofte opptrer ved hudplager, slik som stafylokokkar og streptokokkar. Desse trivst best ved pH 6–8. Den nyttige, syretolerante normalfloraen vil derimot få det vanskeleg. Ved pH under 4,5 og i nærvær av organiske syrer har dei skadelege bakteriane problem med å overleva, medan den nyttige normalfloraen blir lite påverka, forklarer han.

Annonse:

Etter kvart blei Skjervheim merksam på ein tredje grunn. – Det dreier seg om samanhengen mellom pH og aktiviteten til ei gruppe proteinspaltande enzym i huda kalla proteasar, og denne kunnskapen er relativt ny, seier han.

– Proteasar er viktige enzym ved sårheling, men ofte blir desse enzyma altfor aktive, og dermed vil sårhelinga stoppa opp. I normal hud er det balanse mellom proteasar og stoff som hemmar desse enzyma (proteasehemmarar). Når hudplager og sår utviklar seg, har det blitt ubalanse i dette systemet, slik at proteaseaktiviteten blir for høg, forklarer veterinæren.

Kontroll av enzymaktiviteten

Frå rundt 2005 kom fleire studiar som viste at denne enzymaktiviteten er styrt av pH-verdien. – Proteasane er mest aktive ved pH 7–8,5. Ved pH 4–4,5 er aktiviteten sterkt redusert. I normal hud hjå folk kan pH variera mellom 4 og 6,5. Ofte blir denne tilstanden omtala som syrekappa, og det er ein viktig del av forsvaret mot mikroorganismar og for høg proteaseaktivitet, seier han.

– Forskinga viste også at pH i sår som ikkje vil gro, ligg mellom 7 og 8,1,2 medan pH 4–5 er gunstig for at sår skal gro og for å unngå hudproblem. Dette viser også kvifor grønsåpe og andre basiske såper aldri skal brukast på sår, og at bruken av slike produkt kan auka risikoen for at sår oppstår, fortel Skjervheim. Han nemner også at sinksalve, som lenge har vore brukt i helsevesenet ved sår og ulike hudplager, har pH over 7.

Veterinæren fortel vidare at den relativt nye forskinga også viste at dei same mekanismane ligg til grunn når hudplager oppstår og utviklar seg. – Viss pH-verdien i huda av ulike grunnar stig til over 7, medfører dette at den naturlege forsvarsbarrieren sviktar,3 noko som aukar risikoen for hudsjukdom. Høg proteaseaktivitet eller for lite proteasehemmarar er viktige faktorar i denne utviklinga. Resultatet blir at proteasane klipper av ”armeringa” mellom hudcellene.4 Det vil seia at cellebindingane løyser seg opp, noko som gjer det lettare for skadelege bakteriar å få fotfeste i huda, forklarer han, og legg til at proteasane stammar dels frå kroppsvevet (endogene) og dels frå bakteriar og sopp (eksogene).

– Nyare forsking viser dessutan at låg pH stimulerer vevsoppbygginga (fibroblastaktiviteten),  aukar tilgangen på oksygen i sår og har andre gunstige effektar som er viktige for sårlæking. Mellom anna fører eit surt miljø til redusert gifteffekt av bakterielle stoffskifteprodukt som ammoniakk. Vidare fremjar det nedbryting av unormalt kollagen, aukar blodåredanning og kontrollerer aktiviteten til andre enzym enn proteasar.

Kontroll av skadelege bakteriar

Skjervheim understrekar at i sår og på unormal hud er vekst av skadelege bakteriar og sopp eit stort problem. – Det er viktig å kontrollere førekomsten av Staphylococcus aureus og andre uheldige mikroorganismar. Desse etablerer seg lett i sår og sprekker i huda, og der formeirar dei seg i store mengder. Dette forseinkar sårhelinga, og problemet let seg ikkje alltid løysa med intensiv vask og desinfeksjon. ”Effektive” såper er tøffe mot huda og vil ofte forsterke problemet. Bruk av milde såper og gjennomtenkt hudpleie er det som skal til, understreker Skjervheim.

Hans bodskap kan summerast slik: Viss sår skal gro og andre hudplager lækjast, må proteaseaktiviteten og bakterieveksten dempast. Og pH-verdien er ein av dei viktigaste faktorane i gode hudpleieprodukt, kanskje den viktigaste! – Ved hudplager er det lite hjelp i gode ingrediensar i eit produkt viss for høg pH medfører fjerning av feitt, vekst av skadelege bakteriar og høg proteaseaktivitet, seier han.

Skjervheim påpeikar at hudplager hjå folk og dyr er eit aukande problem. – I humanmedisinen har enkelte omtalt dette som «eksemeksplosjonen», og ein ser dette i samanheng med mellom anna stort forbruk av såper. Når ein så veit at såper i generasjonar har hatt høg pH og at desse effektivt fjernar feitt frå huda, er dette ei rimeleg forklaring. Og denne forklaringa blir forsterka ved at høg pH også legg til rette for høg proteaseaktivitet og vekst av skadelege bakteriar. Ut i frå dette er det sannsynleg at produkt med låg pH vil førebyggja hudplager hjå folk og dyr, avsluttar veterinæren frå Hardanger.

[gdlr_box_icon icon=”none” title=”Magne Skjervheim”]Magne Skjervheim er utdanna veterinær frå Veterinærhøgskolen i Oslo. Etter nokre år i vanlig praksis arbeida han tjue år i næringsmiddeltilsynet før han gjekk over til ein stilling på Veterinærinstituttet i Bergen i 1995. I 2007 pensjonerte han seg og arbeider no deltid i Optima Produkter AS (sjå eigen sak), som han sjølv etablerte i 1997.[/gdlr_box_icon]

Del gjerne med dine venner

bakterieflora, flass, grønnsåpe, hudpleieprodukter, pH, Tørr hud

0
    0
    Din handlekurv
    Din handlekurv er tomTilbake til butikken