Forside > Arkiv > 2017 > Nytt liv med rosenmetoden

Nytt liv med rosenmetoden

Naturlig helbredelse

I denne spalta får ulike terapeuter ordet for å fortelle om resultater fra deres praksis. Denne gangen slipper vi til rosenterapeut Gro Heitkøtter på Otta.

Klienten var ein mann på 72 år. Så lenge han kan hugsa, har hovudpina fylgt han som ein skugge. Etter kvart som hovudpina slo til for fullt, kjentes det som heile kroppen vart fylt med spenningar. Som sjølvstendig næringsdrivande vart det lange dagar med mykje tungt arbeid. I årevis har han gjort forsøk på å bli kvitt smertene. Alt han har kome over av ulike behandlingsformer, har vore prøvd. Han kjende at livslysta vart borte.

Til slutt fekk mannen diagnosen spenningshovudpine. Så høyrde han om rosenmetoden og ville gje den ei sjanse. Rosenmetoden er ein kroppsbehandling som kan føre til djup avspenning og bevisstgjering. Den er utvikla av den tyske fysioterapeuten Marion Rosen (1914–2012) frå erfaringa om at vi ubevisst spenner musklar i kroppen for å holde kjensler tilbake. På sikt kan dette føre til innskrenka pust, kroniske muskelspenningar og smerte. I behandlinga nytter terapeuten ein mjuk og direkte berøring.

Da mannen forsøkte rosenmetoden, byrja endeleg noko å endre seg i kroppen. Han sa: ”Det er vanskeleg å si kva endringa var, kanskje den beste beskrivinga er å si at det kjentes som kroppen kom meir i balanse”.

Mannen fortsette med behandlingar, først kvar tredje veke, så ein gong i månaden. Han sa: ”Endeleg har eg funne ei metode som hjelper mot smertene.”

Kroppen er eit kunstverk. Vi blir alle til ulike, unike menneske. Opp gjennom åra opplever vi mykje. Det set seg spenningar som er nødvendig der for å takle ulike situasjonar. Etter ei tid treng ikkje kroppen dei spenningane, men blir ofte verande der utan at vi tenkjer over det. Så kjem fysiske smerter, vi kan bli nedtrykte, stressa og urolege.

Rosenmetoden er ei heilheitleg behandling for kropp og sjel. Alt heng saman, slik at om ein ruskar litt i noko her, vil kanskje noko anna felle på plass der. Det blir nesten som å legge eit puslespel. Enkelte gonger må ein leita etter bitar, og andre gonger kjennes alt i kroppen som eit kaos av kjensler. Sidan alle har si eiga historie, blir kvar behandlingstime eit personleg møte mellom klient og terapeut. Derfor vil eg fortelja meir om kva  rosenmetoden er.

Dette er ei mjuk, fysikalsk berøringsmetode der klienten ligg på benken i 50 minutt. Terapeuten møter kroppen med respekt og mjuke, tydelege hender. Klienten veit at løfte om tausheit er gjeve og at behandlinga tek omsyn til smertegrensene. Gjer ein ikkje det, går kroppen i forsvar, og da blir spenningane verande. På områder av hudoverflata der den kjennes kald, kan det sitja spaningar. Årsaken til spaningar kan vere så mangt, sidan hendingar ligg lagra lag på lag. Ein stor del av dette er ubevisst. I ein behandlingstime kan det vera dialog, i ein annan heilt stille. Alt er individuelt, sidan vi alle har ulike kjensler.

Frå vi er små finn vi måtar å tilpasse oss på som høver til dei ulike situasjonar vi møter. Vi lærer og fort at vi ikkje må la kjenslene bli for synlege. Det som skjer om vi ”svelger” ned dei ulike kjenslene, er at kroppen hugsar alle hendingar på godt og vondt. Ofte kan eit lite barn blant anna kjenne seg åleine, redd og trist. Dersom barnet da ikkje blir sett og møtt, blir dette sitjande i kroppen. Den blir meir og meir anspent, og vi pustar mindre. Kroppen er ikkje lenger fri.

Tilliten som oppstår mellom terapeut og klient, kan gjere det mogleg at ”det som er gøymt og gløymt”, kjem fram i dagsljoset. Om lag som i eventyra sprekk trollet når sola skin.

Om artikkelforfatteren

Gro Heitkøtter (f. 1960) vart godkjend rosenterapeut frå Axelsons Gymnastiske Institutt (Oslo) i 2013 og godkjend instruktør i rosenbevegelser i 2016. Ho livnærer seg som rosenterapeut og instruktør.

Adresse: Ottadalsvegen 242, 2670 Otta.

E-post: gro.heitkø[email protected]. Nettside: Norske Rosenterapeuters. Forening: www.rosenmetoden.no

Legg igjen et svar