Skip to main content

Kan kjøttfrie Oslo vera landets hovudstad?

Nokon må realitetsorientere byrådet og særleg MDG om kva norsk landbruk og norsk matberedskap er. Byrådet i Oslo vil vera flinkast i klimaklassen. Men det er sterkt problematisk når byrådet gjennomfører fleire kjøttfrie måltid som klimatiltak.

Tekst Jenny Klinge

  OBS: Denne artikkelen er eldre enn 2 år. Informasjon kan være utdatert.

Matpolitikk
Denne spalten presenterer klare meninger om norsk mat- og landbruks-politikk. Her kommer et bidrag av politiker Jenny Klinge fra Senterpartiet.

Dette er en lett bearbeidet versjon av et innlegg fra Aftenposten.3

I kalde, våte og bratte Noreg er nemleg grasbasert husdyrhald det einaste alternativet dei fleste stader. Derfor driv Oslo-byrådet i praksis ein stadig utvida boikott av den maten som svært mange av landets bønder produserer. Det inneber ei sterk markering mot distrikta og den beredskapsstyrkinga som folk i både by og bygd ønskjer.

Oppriktig trist

Eg manar ikkje til konflikt mellom by og land. Etter mange år i Oslo som vekependlande stortingsrepresentant er eg svært glad i hovudstaden vår. Eg forsvarer dessutan gjerne austlendingane mot kritikk frå folk lenger nord når det er snøkaos.2

Nettopp fordi eg ikkje meiner det er grunnlag for å sette by og land opp mot kvarandre, blir eg oppriktig trist over at landets hovudstad ikkje forstår den nasjonale rolla si betre når dei kjem med føringar for kosthaldet i kommunen.

LES OGSÅ  Ideologi og system

Etter å ha innført kjøttfrie skulemåltid tidlegare, er det no barnehagar, aktivitetsskular og fritidsklubbar sin tur til å få kjøttfrie måltid3 – det vil seie dei måltida som kommunen kostar. Foreldra kan visst sjølve sende med matpakkar med kjøtt dersom dei heller vil betale for desse måltida sjølve.

geit i fjellandskap
Vi har eit langstrekt land der mykje av den dyrka marka berre er eigna til gras. Drøvtyggarane ku, sau og geit er derfor heilt avgjerande for oss dersom vi skal ha nok mat.

Lågare metanutslepp

Hadde hovudstaden vår endå hatt rasjonelle argument for å gå laus på kjøttet. Men det er ikkje norsk kjøtteting som har skapt dei globale klimaproblema. Faktisk er metanutsleppa frå husdyra våre om lag 20 prosent lågare i dag enn dei var på 1930-talet. Noreg har klimavenlege kyr og eit landbruk som stadig gjer gode tiltak for klimaets del.

Å byte ut det norske innhaldet på tallerkenen med stadig fleire utanlandske matvarer er usmakeleg av byrådet, som styrer ein by som er eit nasjonalt utstillingsvindauge. Oslo er òg eit viktig samlingspunkt for mange store offentlege og private aktørar.

Vi har eit langstrekt land der mykje av den dyrka marka berre er eigna til gras. Drøvtyggarane ku, sau og geit er derfor heilt avgjerande for oss dersom vi skal ha nok mat. Dette gjeld ikkje berre i fredstid, men òg når krisene vil ramme oss i framtida. Som ein svært viktig proteinkjelde er kjøtt saman med fisk, egg og mjølk ein heilt naturleg del av eit norsk kosthald.


Soppkaffe fra Helse og kropp

Annonse · Helse og kropp

Funksjonell kaffe

Kaffe + sopp = sant! Kjøp 3 og få 15 % rabatt, kjøp 5 og få 20 %.

Se kaffe

Vi kan ikkje la store mengder dyrka mark og beitemark gro att dei neste åra fordi vi lullar oss inn i ein fantasi om at vi kan overleva på importerte belgvekstar og nøtter om importen stoppar opp. For eg beklagar, men det kan den koma til å gjera. Og det er uvisst når og kor ofte det kjem til å skje.

LES OGSÅ  Hva er mennesker best tilpasset, plantekost eller animalske matvarer?

Ungane blir påverka

For å vera eit berekraftig samfunn må vi ha ein anstendig grad av sjølvforsyning slik at vi klarer oss gjennom kriser som reduserer eller stoppar importen. Då må vi også forbruke jamt av dei norske landbruksvarene, for elles breier krattet og skogane seg der vi no produserer mat.

Landets hovudstad er Noregs største kommunale innkjøpar. Politikken til denne byen rammar i praksis norsk landbruk når kjøtt no blir boikotta meir og meir. Slik fell etterspørselen etter den maten dei fleste bønder faktisk kan produsere etter lokale naturforhold og norsk klima.

Om forfatteren

Jenny Klinge (f. 1975) frå Senterpartiet har vore på Stortinget i nesten 16 år. Hun er representant for Møre og Romsdal for perioden 2021–2025 og er medlem av næringskomiteen. E-post: jenny.klinge@stortinget.no

Kilder:

1 Klinge J. Kan kjøttfrie Oslo vera landets hovudstad? Aftenposten 17.5.2023: 23. https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/P4qly6/kan-kjoettfrie-oslo-vera-landets-hovudstad

2 Klinge J. Slagordet «by og land, hand i hand» er viktigare enn nokon gong. Vg.no 3.8.2017. https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/mJpR1/slagordet-by-og-land-hand-i-hand-er-viktigare-enn-nokon-gong 

3 Haugan B. Oslo-byrådet vil ikke servere kjøtt i barnehager. Vg.no 10.5.2023. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/wAbdQA/oslo-byraadet-vil-ikke-servere-kjoett-i-barnehager



Bli abonnent!

Mest populær

2 utgaver + 2 velkomstgaver

Vipps
Faktura
  • Tilgang til over 3000 artikler om helse
  • Tilgang til alle tidligere utgitte magasiner i PDF
  • Abonnementsrabatt på utvalgte produkter i nettbutikken
  • 7 utgaver sendt hjem i posten per år
  • Velkomstgaver: Hormonskolen og Helsemagasinets oppskrifter del 1 tilsendt på e-post
Kun 149,- 
(Fornyes til 900 kr per år) Bestill nå
Mest populær

Digital tilgang + 2 velkomstgaver

Kun 30,- første måneden 
(Fornyes til 60 kr per måned)
 Bestill nå

Denne artikkelen handler om…



Kanskje du også vil lese…?