Kvalitetsvarer // Fri frakt over kr. 1200,- // Rask levering på lagerførte varer

Utnytt norske beiteressursar

[gdlr_box_icon icon=”none” title=”Matpolitikk”]Denne spalta presenterer klare meninger om norsk mat- og landbrukspolitikk. Her kommer et bidrag av småbruker og pianist John Inge Leira Bjøringsøy.[/gdlr_box_icon]

Eg er ein av dei som vil drive gard i framtida. Eg har nett flytta heim til slektsgarden og skal ta over drifta ved årsskiftet. Kanskje går eg i mot straumen? I alle fall går eg i mot det mange, inkludert mine foreldre, har råda meg til. Ein ting er sikkert; eg har ikkje velt livet som gardbrukar for å verte rik på pengar. For meg handlar det om nærleik til naturen, meiningsfylt arbeid, bevaring av tradisjonar i tillegg til at eg meiner me i Noreg har eit internasjonalt ansvar for å produsere mat til eiga befolkning. I eit land der tre prosent av arealet er dyrka mark lyt me ta i bruk alle tilgjengelege ressursar for å greie dette. I denne samanhengen er både dei lettdrivne flate areala og små bratte jordlappar og utmark like viktige.

Min gard høyrer til den siste kategorien: ein vestlandsgard på rundt seksti mål fulldyrka jord, men med store tilhøyrande utmarksområde. Her er det grovfôr- og beitebasert husdyrhald som gjeld, ikkje store fabrikkfjøsar som baserer drifta på innkjøpt (og i stor grad importert) fôr og med minimal beiting. Drøvtyggjarane våre (kyr, sauer, geiter) har den unike eigenskapen at dei kan gjere om gras- og beiteressursar til mjølk, kjøt og ull som me menneske kan nytte. Diverre har ein større og større del av fôrsetelen til desse firbeinte vorte erstatta med kraftfôr. For å stadig auke mengda mjølk og kjøt ein kan presse ut av kvar ku, har ein gjort seg avhengig av importerte proteinråvarer, i all hovudsak frå Brasil. Dette går på bekostning av ressursutnytting i Noreg og er med på å framskynde rasering av regnskogen i Brasil. Eg håper framtida vil gjere det lønsamt å nytte desse ressursane igjen, slik at eg og mine kollegaer kan halde fram med å yte vårt viktige bidrag til norsk sjølvforsyning av mat. Det kan ikkje vere slik i graslandet Noreg at det ikkje løner seg å fôre drøvtyggjarane med gras!

Det er eit enormt rekrutteringsbehov i landbruket. Mange stader står eldre bønder utan etterkomarar som er villige til å ta over. Då eg gjekk på barneskulen, var me 30 elevar på skulen i bygda. No har me ingen skule lenger. I mi levetid har me mista skulen, nærbutikken, legekontoret, bankfilialen og postkontoret. Det er langt mellom hus med lys i vindauga; endå lenger mellom dei som driv garden dei bur på. Alle bønder treng naboar og kollegaer som dei kan stø seg på både i medgang og motgang. Ungdommar treng å sjå at det er føreseielege økonomiske rammevilkår, slik at dei kan inn i næringa utan å frykte for eiga framtid. Driftsbygninga på min gard har stått ubrukt i mange år. Før eg kan fylle ho med geiter, må eg gjere investeringar. Det nyttar ikkje for meg å få lån i banken om eg ikkje veit at eg kan tene pengar i åra framover. Forhåpentlegvis slepp eg å gå mot straumen resten av livet, det kan vere tungt i lengda.

[gdlr_box_icon icon=”none” title=”Om forfatteren”]John Inge Leira Bjøringsøy (f. 1988) er utdanna økologisk agronom ved Sogn Jord- og Hagebruksskule og har studert plantevitskap ved NMBU (tidlegare UMB) i Ås. Han er i ferd med å ta over familiegarden på Leira i Hjørundfjorden på Sunnmøre og arbeider òg som pianist/organist. E-post: johningen@gmail.com[/gdlr_box_icon]

Del gjerne med dine venner

beiting, grovfôr, landbruk, matproduksjon

0
    0
    Din handlekurv
    Din handlekurv er tomTilbake til butikken